Kirsebærplomme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirsebærplomme
Kirsebærplomme
Kirsebærplomme
Status
Status i verda: Datamangel
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Amygdaloideae
Stamme: Amygdaleae
Slekt: Kirsebærslekta Prunus
Art: Kirsebærplomme P. cerasifera
Vitskapleg namn
Prunus cerasifera

Kirsebærplomme (Prunus cerasifera) er eit tre i kirsebærslekta, i slekt med hegg, kirsebær og morell. Treet blir 2-6 meter høgt og dannar ei steinfrukt.

Frukter

Det har ofte tornar. Nye årsskot er snaue og glatte med grøn farge. Blada på 4-8 cm er omvendt eggrunde, spisse og svakt tanna og med unnselege hår langs nervene på undersida. Dei 1-3 blomane på snaue skaft luktar godt og spring normalt ut før blada er vaksne ut. Frukta er 2-3 cm, rund og i variantar av gul-raud-brun. Frukta kan etast av menneske og er søt på smak.

Kirsebærplomme stammar frå Søraust-Europa[1][2][3] og Vest-Asia.[4] [5]

Kirsebærplomme blomstrar gjerne i mars-april. Han er ein populær prydplante som blir planta i hagar og parkar, og har mange kultivarformer.

Treet finst innført ei rekkje stader i verda. I Noreg kan ein finna det gjenståande frå park- og hageanlegg. På Dei britiske øyane[1] og nokre stader i Nord-Amerika finst det spreidd i naturen.[6][7][8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lid, Johannes og Dagny Tande, Norsk flora, versjon 2007, 7.utgaven. ISBN 978-82-521-6029-1.
  • Stenberg, Lennart & Bo Mossberg, Steinar Moen (norsk red.), Gyldendals store nordiske flora, Gyldendal, Oslo 2007. ISBN 978-82-05-32563-0.