Hegg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hegg
Hegg
Hegg
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av hegg
Utbreiinga av hegg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Amygdaloideae
Stamme: Amygdaleae
Slekt: Kirsebærslekta Prunus
Art: Hegg P. padus
Vitskapleg namn
Prunus padus

Hegg (Prunus padus) er eit lauvtre som veks over heile Noreg. Prunus er eit gammalt namn på plommetre, padus var namnet på ein busk i det gamle Hellas. Treet er vanleg i Europa og store delar av Asia. Hegg kan bli opp til 18 meter høg, har mørk stamme, langsmale og dropeforma mørkegrøne blad og kvite blomar som seinare blir til bær. Det er ofte fleire stammar som til saman dannar eit tre. Bæra blir svarte når dei er mogne, og har bitter smak. Blomane sit fleire i lag på ein 10–15 cm lang stilk. Dei er kvite og har ei aromatisk duft.

Heile treet blomstrar kraftig om våren etter lauvsprett (mai og juni). Seinare blir blomstrane til svarte bær som er store som erter med ein stein i midten. I juli-august er bæra mogne og dei har ein bitter smak. Treet formeirar seg ved hjelp av fuglar som spreier bæra. Hegg kan dessutan formeira seg både ved rot- og stubbeskot.

Veksestad[endre | endre wikiteksten]

Treet veks nær elver, bekkar og vatn. Det trivst i fuktig, næringsrik og basisk gjørme- og leirjord. Hegg veks helst i område med halvskugge. I Sør-Noreg kan det følgja elvedalar opp til 1200 meters høgd.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

  • Hegg vert nytta som prydbusk i hagar.
  • Bæra kan brukast til gelé, saft, vin og likør.
  • Treet er brukbart som ved.
  • Treverket er sterkt, seigt og fint til dreiearbeide. Hegg er nytta til skaft, sløydemne, smørbuttar og rivetindar. Dei seige stubbeskota blir nytta til tønneband.
  • Hegg blir òg nytta som element i møblar og musikkinstrument.

Tru og folketru om hegg[endre | endre wikiteksten]

  • Hegg vart nytta som spådomstre. Mange blomster ville gi mykje skogsbær. Dersom rogna blomstra like etter heggen, vart kornet tidleg mogent.
  • Når heggen blomstrar, er det varmt nok i jorda til å ta til med såinga, og ein kan begynne å fiske etter nokre fiskeslag.
  • Heggekvistar skulle kunne beskytte mot hekser, tjuvar og torevêr.
  • Heggebarken vart nytta som medisin mot gikt, hevingar, brannsår og sår som ikkje ville gro. Avkoket kunne òg nyttast mot skabb.

Sjukdommar[endre | endre wikiteksten]

Hegg angripen av heggspinnmøll.

Lokkrustsopp kan finnast på hegg. Dette er ein soppart som er vertvekslande mellom hegg og gran, og gran smittast alltid av infisert hegg.

Heggspinnmøll (Yponomeuta evonymella) et i somme år opp alle blada på heggen og etterlet tre som spøkelse dekte av spinn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.