Kirsti Paltto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirsti Paltto
Statsborgarskap Finland
Fødd 11. februar 1947 (77 år)
Utsjoki
Yrke skribent
Språk nordsamisk
Born Rauna Kuokkanen

Kirsti Paltto (f. 1947) er ein finsk samisk forfattar frå Outakoski i Utsjok. Ho gjekk på Inarin kristillinen kansanopisto, den kristne folkehøgskolen i Enare i 1964-1965, og deretter på lærarseminarium i Raahe, der ho vart ferdigutdanna som lærar i 1971. Paltto arbeidde som lærar i fire år, og har etter det arbeidd som forfattar. Ho har publisert dikt, barnebøker, noveller og skodespel.

Viktige tema i Paltto sin produksjon er brytninga mellom det samiske samfunnet og det finske storsamfunnet, og overgangen frå tradisjonelt til moderne samfunn.

Fleire av Paltto sine noveller har vorte omsett til norsk, svensk, finsk, enaresamisk, italiensk, tysk, engelsk og ungarsk.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1971: Soagŋu (noveller)
  • 1973: Saamelaiset.
  • 1981: Risten (noveller)
  • 1987: Guhtoset dearvan min bohccot (roman)
  • 1991: Guržo luottat (roman)
  • 1992: Guovtteoaivvát nisu (noveller)
  • 1992: 256 golláža (roman)
  • 2001: Suoláduvvan (noveller). Nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2002.
    • 2003: Stjålet
  • 2007: Násttit muohtagierragis