Hopp til innhald

Kirsti Strøm Bull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirsti Strøm Bull
Fødd27. april 1945
NasjonalitetNoreg
Yrkejusprofessor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materDet juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo
EktefelleHans Jacob Bull
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Kirsti Straum Bull (fødd 27. april 1945) er ein norsk jurist og professor ved Universitetet i Oslo.

Bull tok den juridiske doktorgraden sin i 1993, og vart professor ved det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo i 1997. Ho er tilsett som professor ved Institutt for privatrett ved Universitetet i Oslo og som professor II ved Samisk høgskule.

Ho har spesielt arbeidd og publisert innanfor rettsfelta familierett og samerett. Ho har òg vore medlem av fleire offentlege utval knytt til samerett og medisinsk forskingsetikk. Blant anna leia ho utvalet som la fram forslag til endringar i reindriftslova (NOU 2001:35) og granskingskommisjonen om medisinsk forsking på menneske utan deira samtykke (NOU 2003:33).[1][2]

Bull vart innvald i Det Norske Videnskaps-Akademi i 2008 og vart vald til preses for 2013.[3]

Ho er gift med jusprofessor Hans Jacob Bull.[4]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. NOU 2001: 35
  2. NOU 2003: 33
  3. Kirsti Straum Bull valgt til preses i Vitskapsakademiet Arkivert 2016-03-06 ved Wayback Machine. (Institutt for privatrett 12. des. 2012)
  4. Forordet til Avtaler mellom ektefellar (doktoravhandling, 1993)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]