Samisk høgskole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Samisk høgskole
Sámi allskuvla
Sámi University College
Grunnlagt1989
TypeStatleg høgskole
RektorGunvor Guttorm
StadKautokeino
Studentar260
Tilsette104
Nettstadwww.samas.no

Samisk høgskole (SH, nordsamisk: Sámi allaskuvla) vart skipa i 1989 og har i dag vel omkring 260 studentar og i overkant av 100 tilsette. Høgskolen er ein av 24 statlege høgskolar i Noreg. I 2005 vart Nordisk Samisk Institutt samorganisert med Samisk høgskole og vart i juli 2009 samlokalisert då Samisk vitenskapsbygg, Diehtosiida, stod ferdig.

Samisk høgskole vart etablert for å gje ein større del av den samiske ungdommen høgare utdanning[1]. Samisk høgskole er ein høgare utdannings- og forskingsinstitusjon som skal dekke det samiske samfunnet sine behov. Skolen sitt hovudspråk er samisk både i undervisinga, administrasjonen og mellom dei tilsette og studentane. Samisk utdanning og forsking dannar høgskolens særeigne faglege profil og høgskolen har eit nordisk-samisk og internasjonalt perspektiv med m.a. studentar frå alle land i Sápmi: Noreg, Finland, Sverige og Russland. Høgskolen har omkring 260 studentar og i overkant av 100 tilsette.

Samisk høgskole har til saman ca. 40 studietilbod, men høgskolen gir ikkje alle tilboda samstundes. Kvart år gir ein 17-20 ulike studietilbod, fordelt på ulike program:

  • Bachelorprogram
    • duodji og design
    • reindriftsstudier
    • samisk språk og litteratur
    • urfolksjournalistikk
  • Mastergradsprogram
    • Duodji
    • samisk grunnskolelærerutdanning trinn 1.-7. (5-årig)
    • samisk grunnskolelærerutdanning trinn 5.-10. (5-årig)
    • samisk språk og litteratur
    • urfolksjournalistikk
  • Doktorgradsprogram
    • samisk språk og litteratur


Studentsamskipnaden i Indre Finnmark er studentane sin organisasjon.

Rektorar[endre | endre wikiteksten]

Fotnoter[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.nrk.no/sapmi/_-egen-samisk-hogskole-en-seier-1.6845597

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]