Kitlineq

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plassering av Kitlineq (Viktoriøya)
Kart over Kitlineq (Viktoriøya)
Landsbyen Ulukhatok ligg heilt vest på Kitlineq

Kitlineq (eller Viktoriaøya) er ei øy i det kanadiske Arktis, administrativt delt mellom Nunavutterritoriet og Nordvestterritoria i Canada. Øya dekker eit areal på 217  291 km². Ho er den nest største øya i Canada, og den åttande største øya i verda. Den vestlege tredjeparten av øya er underlagt Inuvikregionen i Nordvestterritoria, resten er del av Kitikmeotregionen i Nunavut.

Plassering og skildring[endre | endre wikiteksten]

Kitlineq ligg på 69-72 grader nordleg breidd, og mellom 102 til 118 grader vestleg lengd. Øya er om lag 750 km lang (aust-vest), og 655 km på det breiaste (nord-sør). Kitlineq er skilt frå det nordamerikanske fastlandet av eit langt sund (med fem ulike namn, alt etter kvar ein er). Banksøya i vest er næraste naboøy. Det lange sundet som deler denne og Kitlineq er Prince of Walessundet. I nord ligg Melvillesundet, medan McClintock-kanalen og Viktoriasundet ligg aust for øya.

Kitlineq er ei øy med mange halvøyar, kystlina er oppbroten med mange fjordar og vikar. I aust, peikande mot nord, ligg Storkersonhalvøya. Ho endar opp i Goldsmithkanalen, sjøstykket som skil Kitlineq frå Stefanssonøya. Ein større fjord, Hadleybukta, deler Storkersonhalvøya frå dei midtre områda av øya i nord. Ei anna stor halvøy i nord er Alberthalvøya. I sør, peikande vestover, ligg Wollastonhalvøya, skilt frå dei midtre områda av Albertsundet. Sett på eit kart kan øya minne om eit stilisert lønnelauv, viktigaste symbolet på Canada.

Kitlineqs høgste punkt ligg på 655 meter over havet i Shalerfjella i det indre nord. Største innsjøen på øya er 562 km² vide Ferguson Lake, han ligg straks nord for Cambridge Bay.

Busetjing[endre | endre wikiteksten]

Folkemengda var ved folketeljinga i 2006 på 1875 personar; 1477 av desse i Nunavut og 398 i Nordvestterritoria. Cambridge Bay er den største av dei to busetjingane på øya. Denne ligg på søraustkysten og høyrer til Nunavut. Ulukhaktok på vestkysten ligg i Nordvestterritoria. Handelsstasjonane, som til dømes Fort Collinson på nordvestkysten, er oppgjevne for lenge sidan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]