Banksøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Banks-øya

Banksøya er ei øy som ligg i det kanadiske Arktis, og høyrer til Inuvikregionen i Nordvestterritoria i Canada. Øya ligg kring 73 grader nordleg breidd og 121 grader vestleg lengd. Banksøya dekkjer eit landareal på 70 028 km² og er den 24. største øya i verda.

Plassering og skildring[endre | endre wikiteksten]

Banksøya er kring 380 km lang, og på det vidaste i nord om lag 290 km brei. Øya består både av lågland, åsar og enkelte høgdedrag. Høgste punktet, Durham-høgdene, ligg sør på øya og er ca 730 moh.

Banksøya er skild frå Kitlineq i aust av Prinsen-av-Wales-sundet, og frå fastlandet i sør av Amundsenhavet. Beauforthavet ligg vest for Banksøya. I nordaust er ho skild frå Patrickøya og Melvilleøya av McCluresundet.

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Sachs Harbour, eller Ikhuak, er den einaste staden med fast busetnad. I 2001 heldt 114 menneske av stammen inuvialut til i dette settlementet på sørvest-kysten av øya.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Økosystemet på Banksøya er tundra, med overlag kalde vintrar. På øya finst større bestandar av grønlandskaribu, isbjørn og moskus.

Øya er hekkeplass for to tredjedelar av all lita snøgås, ein varietet av snøgås, i verda. Kvart år på våren er gåsejakt tillate ved Sachs Harbour. Fuglar som raudstrupe og svaler trekkjer til øya i hekketida. To fuglereservat vart oppretta på øya i 1961.

Øya er trelaus. Høgste planten er ein art vier, som sjeldan strekker seg over ti cm over bakken.

Ein nasjonalpark, Aulavik, vart oppretta på nordspissen av øya i 1992. Aulavik nasjonalpark vernar eit landområde på 12 274 km² med arktiske låglandsbiotopar. Området har den tettaste bestanden av moskus i verda, og hyser den truga arten peary-karibu. 43 fugleartar held til i nasjonalparken i sommarsesongen, men berre fjellrype og ramn har tilhald i området året rundt.

Øya er kalla opp etter den britiske sjøfararen Joseph Banks.