Kiwa tyleri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kiwa tyleri
Kiwa tyleri
Kiwa tyleri
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Storkreps Malacostraca
Orden: Tifotkreps Decapoda
Familie: Kiwaidae
Slekt: Kiwa
Art: K. tyleri
Vitskapleg namn
Kiwa tyleri
Samlingar av Kiwa tyleri

Kiwa tyleri er ein kvit anomur i slekta Kiwa som finst nær Antarktis. Han vart oppdaga i 2010 ved hydrotermale skorsteinar på ei djupn større enn 2 600 meter. Arten et bakteriar som lever på dei hårete armane hans.

K. tyleri lever særs tett; ein tettleik på 700 individ per kvadratmeter er vorten observert. Slik kan fleire individ overleva i det vesle området nær den hydrotermale skorsteinen der det er leveleg for arten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]