Hopp til innhald

Kjøpstad i Hyllestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjøpstad
stad
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Hyllestad
Postnummer 6958 SØRBØVÅG[1]
Gardnummer 3[2][3]
Ferdselsårer Kommunal veg til Fv65[4]

Kjøpstad er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 3.[2][3]

Kjøpstad ligg på sørsida av Skifjorden og grensar i nord og vest til fjorden og i aust til Våge.[3] Det går kommunal veg til Kjøpstadvika frå Fylkesveg 65 i Sogn og Fjordane.[4]

I eldre tid låg Kjøpstad under Losnagodset og frå midten av 1600-talet til 1853 var han i eiga til embetsmannsslekter. Frå 1889 har brukarane vore sjølveigarar. Bortsett frå ein periode på 1600-talet har garden vore einbølt fram til kring 1900. Det har vore husmannsplassar på Båneset og i Kjøpstadvika. Bånes er nemnt som husmannsplass så tidleg som i 1620-åra og vart skilt ut som eige bruk i 1901 Frå 1959 har det vore fire bruk på garden.[3]

Bånes var dampskipstoppestad for Fylkesbaatane eit tiår framover frå 1913. Staden hadde ikkje kai, så folk og last vart rodd ut til rutebåtane.[5]

Namnet Kjøpstad tyder på at det har vore handelsstad på garden, men ein har ikkje kjelder eller funn som underbyggjer dette.[3] I kjeldene er namnet skrive «Kiepstadt» (1563), «Kiifstaid» (1567), «Kiøbstad» (1608), «Kiøbstae» (1667) og «Kiøbstad» (1723).[6]

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Kjøpstad» i 2003 og avslo samtidig å godkjenne «Kiøpstad».[7]

Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn.

Stadnamnet Kjøpstad er kjend frå tre andre stader i landet, ei bygd i Gildeskål kommune, og gardar i Vestnes kommune og Sogndal kommune.

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten». Henta 20. november 2010.
  2. 1 2 «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». Henta 20. november 2010.
  3. 1 2 3 4 5 Inger Kellmer (1990). «Kjøpstad : Gnr. 3». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 26. ISBN 8299219817.
  4. 1 2 «Nettstaden visveg.no (Statens vegvesen)». Henta 20. november 2010.
  5. Finn Borgen Førsund (1998). «Bånes». Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Førde: Selja Forlag. s. 68. ISBN 82-91722-04-8.
  6. «Oluf Rygh: «Kjøpstad» i Norske Gaardnavne på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv».
  7. «yr.no». Vitja 20. november 2010

Vidare lesnad

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]