Skifjorden i Hyllestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Skifjorden er ein liten fjord i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane. Han er ei fortsetjing av Buefjorden og ligg like nord for Åfjorden. Fjorden har ei lengd på om lag 6 km.

Fjorden har innløp mellom Båneshammaren i sør og Kvernhomlen i nord. Fjorden strekkjer seg først rett austover og er her stort sett berre mellom 80 og 150 meter brei. På nordsida av fjorden ligg grenda Bordvika. Aust for Bordvika deler fjorden seg i to. Her går Vågane over ein kilometer sørover, medan resten av fjorden held fram 1,5 km rett nordover. Her ligg grendene Bjørnestad og Mylkebust på austsida av fjorden, medan Seljevoll ligg i nord og Sandnes på vestsida. Fylkesveg 65 går langs heile aust og nordsida av fjorden.

Matrikkelgardane langs fjorden er frå nordvest med klokka: Laberget, Varlia, Bordvika, Sandnes, Seljevoll, Myklebust, Bjørnestad, Våge og Kjøpstad. Teigevassdraget renn ut i Vågane og gardane opp langs vassdraget vert rekna til Skifjord-krinsen. Gardane langs vassdraget er Rutle, Teigenes, Teige, Trøsdalen og Lybakken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 61°14′28″N 5°4′5″E