Kjelsås Bruk
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kjelsås Bruk | |
| |
![]() Kjelsås Bruk |
---|
Kjelsås Bruk var ein stor spikar- og ståltrådfabrikk med kraftstasjon som vart skipa i 1855 ved det øvste vassfallet i Akerselva; Frysjafossen på Kjelsås i Oslo. Da var alle vassfall langs Akerselva nytta ut til industriproduksjon. Grunnleggjar og første eigar var kjøpmann Johan Henrik Schmelck.

Akerselva ved Kjelsaas Brug i 1902.
Foto: Anders Beer Wilse / Oslo Museum
Bedrifta blei kjøpt av O. Mustad i 1884. Mustad bygde eit valseverk og produserte mellom anna flatstål til spikerproduksjon.
Området rundt Kjelsås Bruk vart selt til Oslo kommune i 1971 og sjølve fabrikkbygninga inneheld no Frysja senter, rundt 70 atelier og verkstader for brukskunst.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Kjelsås bruk frå Industrimuseum/Norsk Teknisk Museum
- Knut Are Tvedt (red): Oslo byleksikon, Kunnskapsforlaget 2010, side 187 og 373, ISBN 978-82-573-1760-7
- Kjelsås Bruk i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Denne artikkelen bygger på «Kjelsås Bruk» frå Wikipedia på bokmål, den 17. mai 2014, revisjon