Kjersti Alveberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjersti Alveberg
Kjersti Alveberg 2009.jpg
Fødd26. juli 1948
FødestadOslo
Død18. oktober 2021 (73 år)
Verka somfilmregissør, kunstnerisk leder, koreograf, dansar, ballettmeister, ballettdansar
PrisarDanseinformasjonens ærespris, Grenseløs kommunikasjon, Oslo bys kulturpris

Kjersti Alveberg (26. juli 194818. oktober 2021) var ein norsk koreograf og dansar fødd i Oslo som vann ei rekkje norske og internasjonale prisar. Gjennom karrieren sin var ho dansar og koreograf i fleire frie dansegrupper, og som dansar arbeidde ho særleg for Det Norske Teatret.

Alveberg debuterte som koreograf ved Den Norske Nasjonalballett i 1975 og fekk særleg merksemd for frå 1984, som ho året etter fekk Ballettkritikarprisen for. Ho fekk også mykje merksemd for den fyrste heilaftans balletten sin, Volven frå 1989. Ballettane til Alveberg inneheld ofte humor. Utdanninga si har ho frå Ballettinstituttet i Oslo og frå New York, Amsterdam, Paris og London. I tillegg er ho cand.mag. frå Universitetet i Oslo.

Kjersti Alveberg har også laga fleire produksjonar for fjernsyn, der den mest kjende nok er Aske, skodde, støv for vinden (1986) som ho året etter fekk Amanda-prisen for. Andre kjende verk ho stod bak var Rav for Carte Blanche til Festspela i Bergen i 1988, og Volven for Operaballetten i 1989.[1] Av seinare arbeid ho gjorde som koreograf kan ein nemne Nett no! på Det Norske Teatret i 2002, Hysj! som vart laga til opninga av Nasjonalbiblioteket i 2005 og @lice for Rikskonsertane i 2008.

I 2005 gav ho ut boka Visjoner – øye på dans, der ho fortel om livet sitt som koreograf.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hjetland, Geir Bjarte (19. oktober 2021), «Kjersti Alveberg er død», NRK, henta 19. oktober 2021 
  • Knut Olav Åmås [red.]: «Alveberg, Kjersti» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Kjersti Alveberg