Kjersti Synneva Moen
Kjersti Synneva Moen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. juli 1995 (29 år) |
Yrke | illustratør, teikneserieskapar, vokalist |
Medlem av | Rabagast |
Kjersti Synneva Moen på Commons |
Kjersti Synneva Moen (fødd i 1995) er ein norsk illustratør og teikneserieskapar. Ho er mest kjend for teikneserien Grip den føkkings dagen (2023), som ho har fått fleire prisar og nominasjonar for.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Moen er fødd i 1995 og kjem frå Selbu.[1][2] Ho flytta frå Selbu for å gå på musikklinja på Ole Vig vidaregåande skule, og er seinare utdanna i teikning ved Einar Granum Kunstfagskole.[3] Ho har delteke i UKM fleire gongar, blant anna med a cappella saman med Ellen Sofie Steen då dei var 17 år gamle.[4][5]
Virke
[endre | endre wikiteksten]Moen har jobba for Gyldendal, Mental Helse Ungdom, Kvinnefronten, Human Etisk Forbund og Den Norske Turistforening.[3] Utanom visuell kunst, er ho vokalist i gruppa Rabagast.[6]
I 2023 gav Moen ut teikneserien Grip den føkkings dagen på Aschehoug, som blei møtt med positive tilbakemeldingar frå kritikarar. På grunn av utgjevinga blei ho tildelt Pondusprisen i 2023[2][7] og Kulturdepartementets tegneseriepris i 2024,[8][9] i tillegg blei ho nominert til fleire prisar, inkludert Trollkrittet[1][10] og SPROING-prisen.[11]
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Pappa er dustete (Ær, 2022) av Alba Shirin Jafari Dannevig – som illustratør
- Grip den føkkings dagen (Aschehoug, 2023) – forfattar og illustratør
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Kjersti Synneva Moen». aschehoug.no. Henta 23. mars 2024.
- ↑ 2,0 2,1 Austvik, Cecilie (27. november 2023). «Pondusprisen til Kjersti Synneva Moen». BOK365.no (på norsk bokmål). Henta 23. mars 2024.
- ↑ 3,0 3,1 Wernø, Johanne Nordby, red. (2021). Ingen plass for fritidsgenier. Stiftelsen Einar Granum kunstfagskole. ISBN 9788230345146.
- ↑ Flåan, Geir Olav (2. mars 2013). «Forrykende start på UKM». bladet.no (på norsk). Henta 23. mars 2024. «Av frykt for å fornærme de 20 andre innslagene, var undertegnedes favoritt på fredagskvelden a cappella-duetten 'Call your girlfriend' med 17-åringene Ellen Sofie Steen og Kjersti Synneva Moen.»
- ↑ «UKM 2011 – Disse kommer til Meldal og fylkesmønstringen». Fosna-Folket. 15. mars 2011.
- ↑ Midjo, Per-Magne (21. mars 2017). «Energiske Rabagast fyrer snart løs.». Trønder-Avisa (Steinkjer). s. 16.
- ↑ NRK (27. november 2023). «Pondusprisen 2023». NRK (på norsk bokmål). Henta 23. mars 2024.
- ↑ Lello, Niklas (19. mars 2024). «Humor, spenning og alvor – her er vinnere av Kulturdepartementets priser for 2023». Norsk barnebokinstitutt (på norsk bokmål). Henta 23. mars 2024.
- ↑ Jegtvik, Karin (20. mars 2024). «Selbu-forfatter mottok pris fra kulturministeren». nearadio.no (på norsk). Henta 23. mars 2024.
- ↑ «De nominerte til Trollkrittet er klare!». NBU - Norske barne- og ungdomsbokforfattere (på norsk bokmål). 12. februar 2024. Henta 23. mars 2024.
- ↑ «Sproingprisen.no». www.sproingprisen.no. Henta 23. mars 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Kjersti Synneva Moen» frå Wikipedia på bokmål, den 29. mars 2024.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettside
- Forfattarprofil hos Aschehoug.
- «Til kamp mot klisjeene» – ei melding av Grip den føkkings dagen av NRK-litteraturkritikar Anne Cathrine Straume.