Klaus Siebert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klaus Siebert


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 29. april 1955
Schlettau
Død

24. april 2016 (60 år)
Altenberg

Idrett skiskyting
Tok del i

biathlon at the 1980 Winter Olympics – sprint, biathlon at the 1980 Winter Olympics – relay, biathlon at the 1980 Winter Olympics – individual

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i bronse

Klaus Siebert (29. april 195524. april 2016) var ein tysk skiskyttar og seinare -trenar som tevla for Aust-Tyskland. Han vart verdsmeister på 20 km i 1979, og vann to VM-gull i stafett med DDR i høvesvis 1978 og 1979. I tida 1975-79 sikra Siebert seg sju VM-medaljar (3-1-3) i skiskyting. Han vann verdscupen i skiskyting for 1979-sesongen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Siebert var knapt 20 år gammal då han tok bronsemedaljen på 10 km under VM 1975 i Antholz. To år seinare tok han den fyrste av fire strake stafettmedaljar med DDR, ein bronsemedalje. I dei to nestkomande verdsmeisterskapane, 1978 og 1979, vart han verdsmeister i 4 x 7,5 km stafett, begge gongane saman med Manfred Beer, Frank Ullrich og Eberhard Rösch. Attåt fekk han i 1978 ein VM-bronse på 10 km, medan han i 1979 vart verdsmeister på 20 km framom Aleksandr Tikhonov frå Sovjetunionen og norske Sigleif Johansen. Den individuelle VM-tittelen han vann i 1979 var høgdepunktet i hans skiskyttar-karriere. Same sesongen gjekk han heilt til topps i verdscupen i skiskyting, ei turnering der han både året i førevegen og året etterpå måtte sjå seg slått av ein mann, landsmannen Frank Ullrich.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Etter at han la opp som skiskyttar, arbeidde Siebert som trenar. Mellom andre trena han Ricco Gross i fleire år. Perioden 2002-05 var han landslagstrenar i skiskyting for Austerrike. Deretter var han hovudtrenar for det kinesiske landslaget 2006-08. Frå 2008 til 2014 var han landslagstrenar for Kviterussland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]