Klengjemaure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klengjemaure
Klengjemaure
Klengjemaure
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Søteordenen Gentianales
Familie: Maurefamilien Rubiaceae
Slekt: Galium
Art: Klengjemaure G. aparine
Vitskapleg namn
Galium aparine

Klengjemaure er ei plante i maurefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planten vert kring 50 cm høg. Stengel og blad har nedvende broddar slik at planten klengjer seg til andre plantar. Kvit krone. Krokpiggane på frukta 1-2 mm lange og med klump ved grunnen. Klengjemaure blomstrar kring juni månad på havstrender, i urer og åkrar, og på avfallsplassar. Arten finst i Noreg nord til Finnmark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Klengjemaure