Storm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Stormen» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Stormen (fleirtyding).
Skip i storm måla av Willem van de Velde d.y. i De Windstoot.

Storm (norrønt stormr) er eit uttrykk for styrken til vind med fart frå 20,8 m/s (41 knop) til 32,5 m/s (63 knop) målt over ein periode på ti minutt. Storm er ein vindstyrke som få folk har og får oppleve, og i såfall er det som regel på havet, heilt ute ved kysten eller på høgfjellet. Liten storm er til dømes så kraftig vind at det byrjar å bli vanskeleg å halde seg oppreist. Når vinden bles over land vert han raskt svekka på grunn av friksjon mot bakken, så når ein meteorolog melder om storm på kysten bles det ofte berre kuling litt innanfor kysten med unntak av visse utsette stader i visse vindretningar. Eit av unntaka er til dømes fjordane på Vestlandet som i austleg vind kan få storm, medan det berre bles bris heilt ute ved kysten.

Ein har tre graderingar av storm: Liten storm, full storm og sterk storm.

  • Liten storm er vind frå 20,8 m/s til 24,4 m/s (41-47 knop), og nivå 9 på Beaufortskalaen.
  • Full storm er vind frå 24,5 m/s til 28,4 m/s (48-55 knop), og nivå 10 på Beaufortskalaen.
  • Sterk storm er vind frå 28,5 m/s til 32,5 m/s (56-63 knop), og nivå 11 på Beaufortskalaen.

Så sterk vind som storm kan føre til øydeleggingar, spesielt om han oppstår i område som sjeldan har så kraftig vind. Bygningar og infrastruktur er då gjerne ikkje dimensjonert for å tole slike vindstyrkar. På havet vert det danna store bølgjer. Med full og sterk storm over ein lengre periode kan ein få signifikant bølgjehøgd opp mot 15 m. Bølgjehøgder over dette er svært sjeldan, men er teoretisk mogeleg. Bølgjene vert ikkje nødvendigvis høgare i vind av orkan styrke, som er vindstyrken over storm. Årsaka til dette er at vindkrafta vert så stor at bølgjene vert pressa saman, og dermed mindre bølgjehøgd.

Storm i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Vind av storm styrke er langt frå uvanleg i Noreg, og då hovudsakleg langs kysten eller i fjellet. Storm oppstår oftast om vinteren og våren då lågtrykka er på sitt kraftigaste. Mest utsett er områda nær Stad i vind frå sør og sørvest, og til dels Jæren i vind frå vest og nordvest. Årsaka til dette kjem av Bernoulli-prinsippet eller den såkalla «hjørneeffekten». Når vinden bles rundt eit hjørne vert lufta pressa saman, og sidan meir luft skal igjennom eit smalare område enn i omgivnadane aukar vinden. Stad og Jæren er på sett og vis to av «hjørna» i Sør-Noreg. VêrstasjonenKråkenes fyr i nærleiken av Stad er den stasjonen som oftast måler vind av storm styrke.

Som regel får ein berre storm ved vindretningar mellom sør, vest og nord, medan vindretningar mellom søraust og nordaust sjeldnare gjev så kraftig vind. Aust-Finnmark er derimot eit unntak frå denne tommelfingerregelen. Under ekstremvêret Narve i januar 2006 bles det storm frå søraust og aust i Nord- og Midt-Noreg, noko som er svært sjeldan og uvanleg. Dette førte til at stader som vanlegvis ligg verna frå stormane som normalt kan herje kysten fekk den kraftigaste vinden, t.d. Saltdal i Nordland og Verdal i Nord-Trøndelag.

På engelsk[endre | endre wikiteksten]

Det engelske ordet «storm» vert ikkje berre brukt om vindstyrke. På engelsk vert «storm» ofte brukt om det me norsk kan kalle «uvêr». Døme på dette er «thunder storm» (torevêr) eller tilfelle med kraftig nedbør. Ein «ice storm» kan endatil vera vindfri og relativt nedbørsfattig, men er heller særteikna med uvanleg sterk isdanning.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]