Klitikon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Klitikon (fleirtal klitikon eller klitika) er i lingvistikken namn på ein formativ som ikkje kan danne ord aleine, men som må stå til eit anna ord, ein vert. Døme på eit klitikon i norsk er n 'han', i Ka sa=n då? 'Kva sa han då?' Suffiks kan derimot berre stå til visse bøyingsklassar, som n i båt-n, jf. *sol-n, *du-n.

Til substantivet klitikon finst adjektivet klitisk. Vi kan til dømes kalle =n i ka sa=n då for eit klitisk pronomen.

Eit klitikon kan definerast som eit språkleg element som fonologisk liknar eit affiks og syntaktisk eit ord. Eit dei liknar affiks fonologisk, inneber at dei ikkje oppfyller dei fonologiske kriteria på eit ord. I norsk (med unnatak av somme dialektar) må eit ord oppfylle minst desse kriteria, som norske klitikon ikkje oppfyller:

  1. Eit ord må ha minst éi staving.
  2. Denne stavinga må kunne ha trykk og eventuelt aksent.
  3. Dersom eit einstavingsord endar på vokal, så må denne vokalen vere lang.
  4. Dersom eit ord byrjar med ein ustemd plosiv, må denne plosiven vere aspirert.

Klitikon oppfører seg syntaktisk som ord, og det inneber at dei må oppfylle i det minste dette kriteriet:

  1. Eit ord er ikkje avhengig av å stå ved sida av eit anna ord som høyrer til éin særskild ordklasse.

Klitikon oppfyller dette kriteriet ved å vere "promiskuøse" i val av vert. Affiks kan derimot normalt berre stå til eit språkleg element som høyrer til éin særskild ordklasse,

Døme på klitika i norsk[endre | endre wikiteksten]

Klitisk pronomen[endre | endre wikiteksten]

Døme på eit klitisk pronomen i norsk er n 'han', i Ka sa=n då?. 'Kva sa han då?' Til skilnad frå affiks er klitika kjenneteikna ved at dei ikkje stiller krav til vertane sine, dei kan stå til kva ord det skal vere, jf. Ka trur du=n veit om det?. Meir om tilhøvet mellom klitiske og uavhengige (ikkje-klitiske pronomen) i ein norsk dialekt finst i artikkelen Pronomen i grenlandsmålet.

Klitisk adverb[endre | endre wikiteksten]

Døme på eit klitiske adverb i norsk er kje i e kan=kje gå ut no og ka sa=n då.

Klitikonet kje oppfyller ikkje dei fonologiske krava til ord i (dei fleste dialektane av) norsk. I dialektar der det klitisk nektingsadverbet er ke, er k usaspirert, medan ustemde plosivar fremst i norske ord er aspirerte.

Klitisk possessor[endre | endre wikiteksten]

Norsk "genitivs-s" (som altså ikkje har noko med genitiv å gjere) er eit godt døme på eit klitikon. Det er for kort til å vere eit ord; det utgjer mindre enn ei staving. Det er promiskuøst i val av vert: kongen=s båt, faren min=s båt, ånda som går=s revolver. Dette klitikon står alltid etter ein nominalfrase, og set ingen krav til kva siste ordet i nominalfrasen skal vere. Kasussuffiks står derimot typisk til kjernen i nominalfrasen – jamfør moderne norsk [kongen av Noreg]=s båt med norrønt [konungsins af Noregi] bátr.

Wackernagel-klitikon[endre | endre wikiteksten]

Ein type klitika er dei såkalla Wackernagel-klitika, dei må stå på andreplass i setninga. Slike klitika har vi t.d. i finsk, der klitika som ko eller ("ja/nei-spørsmål) og han eller hän ("som du veit") berre kan hekte seg på den første konstituenten i setninga, t.d.:

  • Wikipediaksiko sitä kutsutaan? "Er det Wikipedia dei kallar det?"
  • Suomihan on helppo kieli "Som du veit, er finsk eit lett språk".

Wackernagelklitika finst i mange språk, og norsk subjekt-verb-inversjon (No fer vi / *No vi fer) er eit fenomen av same type.

Proklitika og enklitika[endre | endre wikiteksten]

Eit klitikon som står føre verten, blir kalla eit proklitikon, medan eit som står etter verten, blir kalla eit enklitikon.