Hopp til innhald

Klokkeblåstjerne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klokkeblåstjerne
Klokkeblåstjerne
Klokkeblåstjerne
Status
Status i Noreg: Framandart med potensielt høg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Aspargesfamilien Asparagaceae
Underfamilie: Scilloideae
Slekt: Klokkeblåstjerneslekta Hyacinthoides
Art: Klokkeblåstjerne H. non-scripta
Vitskapleg namn
Hyacinthoides non-scripta

Klokkeblåstjerne (Hyacinthoides non-scripta) er ei plante i klokkeblåstjerneslekta i aspargesfamilien.[1] Arten kjem opphavleg frå Vest-Europa.[2]

I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som først vart funnen forvilla i 1928. Arten er i auke og veks langs kysten frå Sandefjord til Kristiansund. Dei fleste av funna som har vore registrerte som klokkeblåstjerne, syner seg å vere hybridklokkeblåstjerne.[2] I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH),[3] oppgradert frå låg risiko (LO) i 2018.[4]

  1. «Artsdatabanken: Klokkeblåstjerne». Artsdatabanken. Henta 8. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 221. 
  3. «Fremmedartslista 2023: klokkeblåstjerne Hyacinthoides non-scripta (L.) Chouard ex Rothm.». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 12. februar 2024. 
  4. «Fremmedartslista 2018: Hyacinthoides non-scripta klokkeblåstjerne». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 8. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]