Klyvtveitvatnet

Koordinatar: 60°57′55″N 05°17′45″E / 60.96528°N 5.29583°E / 60.96528; 5.29583
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klyvtveitvatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen
Utløp Klyvtveitelva
Nedslagsfelt 4,47 km²
Høgd over havet 398.4 moh.
Lengd 2,2 km
Breidd 1,0 km
Areal 0,95 km²
Koordinatar 60°57′55″N 05°17′45″E / 60.96528°N 5.29583°E / 60.96528; 5.29583
Kart
Klyvtveitvatnet
60°57′55″N 5°17′45″E / 60.965278°N 5.295833°E / 60.965278; 5.295833

Klyvtveitvatnet er eit vatn i Gulen kommune i Vestland. Det er 2,2 km langt og opptil 1 km breitt. Vatnet har eit areal på 0,95 km² og eit naturleg nedbørfelt4,47 km²[1]. Klyvtveitvatnet har utløp til Austgulfjorden gjennom Klyvtveitelva. Vatnet består av to separate bekken, med eit hovudbekken i vest og eit mindre bekken i aust. Dei to bekkena, som blir kalla høvesvis Store og Vetle Klyvtveitvatnet, er knytt saman med eit smalt og grunt sund.

Klyvtveitvatnet er regulert, og er hovudmagasin for Kløvtveit kraftverk, som utnyttar fallet i Klyvtveitelva ned til Austgulfjorden til produksjon av elektrisk kraft. Vatnet har høgaste regulerte vasstand på 398,4 meter over havet, lågaste regulerte vasstand er 360 moh, og magasinvolumet er 18,3 mill. m³.[1] Vann fra to innsjøar i nærliggande elver, Austgulstølvatnet i Steinsdalelva og Transdalsvatnet i Dalelva, er òg overført til Klyvtveitvatnet, noko som meir enn fordoblar vassføringa til kraftverket i tilhøve til Klyvtveitvatnets naturlege tilsig.

I dei opphavlege utbyggingsplanane var det føresett at Austgulstølvatnet skulle demmast opp for å lette overføringa til Klyvtveitvatnet, som ligg høgare enn Austgulstølvatnet. Dette ville ha sett delar av Austgulstølen under vatn, og blant anna for å unngå dette fekk BKK i 2003 løyve til ei planendring som medførte at vasstanden i Austgulstølvatnet kunne haldast uendra. Men denne planendringa har òg ført til at skadeverknadene rundt hovudmagasinet i Klyvtveitvatnet er vorte større, noko som igjen har medført reaksjonar frå grunneigarane i området. Det er spesielt skadeverknadene ved Vetle Klyvtveitvatnet det har vorte reagert mot, sidan desse ville vore unngått dersom eit tidlegare forslag frå Gulen kommune om ein lang tunnel frå Austgulstølvatnet til Store Klyvtveitvatnet hadde vorte gjennomført, i staden for dei to kortare tunnelane via Vetle Klyvtveitvatnet som vart bygd.[2][3] BKK har som følgje av reaksjonane vedteke å bruke 14 millionar kroner til å freiste å føre Vetle Klyvtveitvatnet tilbake til naturleg nivå.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]