Klyvtveitelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klyvtveitelva
elv
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen
Nedslagsfelt 5,1 km²
Lengd 4,1 km
Middelvassføring 0,68 /s
Kjelde Klyvtveitvatnet
 - høgd 398 moh.
Munning Austgulfjorden
 - høgd moh.
Kart
Klyvtveitelva
60°58′40″N 5°16′52″E / 60.97777778°N 5.28111111°E / 60.97777778; 5.28111111

Klyvtveitelva er ei elv i Gulen kommune i Vestland. Elva er 1,0 km lang (4,1 km regna frå kjeldene på Flatefjellet), og har eit nedbørfelt5,1 km².[1] Middelvassføringa ved munningen er 0,68 m³/s.[1]

Elva byrjar som ei rekkje små bekker på Flatefjellet sør for Klyvtveitvatnet og på Blåfjellet i nord. Bekkene blir samla i Klyvtveitvatnet, og frå nordenden av vatnet renn Klyvtveitelva nordover i eit bratt fall på vestsida av Blåfjellet ned til munningen i Austgulfjorden ved Klyvtveita, 2 km vest-sørvest for Austgulen.

Klyvtveitelva er utbygd til kraftproduksjon i Kløvtveit kraftverk, som utnyttar fallet frå Klyvtveitvatnet ned til Austgulfjorden. Kraftverket vart ferdig i 2006, og etter utbygginga er elva stort sett tørrlagt heile tida. Vatn frå to innsjøar i nærliggande elvar i det varig verna Yndesdalsvassdraget, Austgulstølvatnet i Steinsdalelva og Transdalsvatnet i Dalelva, er òg overført til Klyvtveitvatnet. Overføringane gjer at vassføringa til kraftverket blir meir enn fordobla i tilhøve til Klyvtveitvatnets naturlege tilsig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]