Knärrbåt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Båtbyggar arbeider på ein knärrbåt
Ein knärrbåt i Emil Cedercreutz Museum, Harjavalta. Båten har påmonterte skvettbord, noko som var vanleg under seglas
Ein skötbåt med spririgg

Knärrbåter ein skötbåttype frå Österbotten i Finland, på austsida av Kvarken.

Det som særmerkjer ein knärrbåt er skapet av stamnen. Han skulle helst vere ein jamt runda krok så langt opp som råd. Øvste stamntoppen peikar noko bakover.

Ein skil mellom to ulike storleikar av knärrbåtar. Dei største, dei eigentlege skötbåtane var frå 21 til 27, oftast 24, fot. Dei mindre vart gjerne kalla lillknärrar, var til vanleg 18-20 fot lange. Sköt, som har gitt båttypen namn, er eit finmaska og tynntråda garn som vert brukt til strømmingfiske. Denne sildevarianten, som finst i nørre del av Østersjøen, vert skjeldan meir enn enn 20 cm lang . I tillegg til skötfiske, som var viktigaste bruksområdet til knärrbåtane, var dei viktige reise- og fraktebåtar langs kysten og mellom øyane.

Dei finske knärrbåtane er til vanleg bygde av gran. I tilsvarande båtar i Västerbotten vert det gjerne brukt furu. Det har vorte peika på at tjørebrenning og skipsbygging gjennom hundrevis av år har øyda den beste fureskogen. Ei fordel med granbåtar er at dei er lettare å drage på land.


Knärrbåtar har vorte klinkbygde. Eit skal har vorte tilforma før innved har vorte sett inn. Det har vorte brukt emne som har vakse i rett fasong til kjøl, lott (stävnstycke), stamn og band. Særleg framme og bak i båten har det vore brukt naturleg vakse emne. Sköttbåtar har hatt to årepar. Langt framme i båten, framrodden, har det vore eit par keipar med hamleband (håband). Bak ibåten , bakrodden, har det vore brukt tollepinnar. Mellom roarane var lasteromet, bunken. Her arbeidde ein med garna under fiske. Og her vart varer plasserte under transport.

Styret vert laga av ei granrot, og går fram under båten i same profil som bakstamn og lot. Styret kan takast av og setjast på ved at ei klo på styre vert sett på eit rundjarn som fyljer stamn og lott. Ei liknande ordning finn vi på nordfjordbåtar i Noreg.

Dei eldste knärrbåtane ein kjenner til var rigga med råsegl. Seinare har sprisegl vore det vanlegaste, på ein skötbåt to master. Dei kan og ha vore rigga med gaffelrigg.

Dei grunne, flatbotna båtane egna seg ikkje til kryssing i svak vidnd. Men godt trimma, i god bør gjekk det bra også på kryss. Regelen var at ein sköttbåt burde ha 400 kg stein eller anna last, som til dømes garn under fiske.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bertil Bonns: Knärrbåtar i KYSTEN, utgåve 5 - 2023