Knivkjuke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knivkjuke
Knivkjuke
Knivkjuke
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Rekkje: Stilksporesoppar Basidiomycota
Underrekkje: Hymeniesoppar Agaricomycotina
Klasse: Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes
Orden: Poresoppordenen Polyporales
Familie: Fomitopsidaceae
Slekt: Fomitopsis
Art: Knivkjuke F. betulina
Vitskapleg namn
Fomitopsis betulina

Knivkjuke (latin Piptoporus betulinus, tidlegare Polyporus betulinus) er ei kjuke som berre veks på bjørk. Ho dannar brun råte i veden, og har ein mjuk fruktlekam. Fruktlekamen kjem fyrst når trea er nesten eller heilt daude. Kjuka er ettårig og mjuk i frisk tilstand, slik at ein lett kan stikka ein kniv i ho. Det har vorte hevda at reiskapen ikkje rusta og heldt seg skarp når den stod i kjuka.Den har difor vore brukt til å lagre reiskapar i; knivar, andre eggjarn og bor. Har og vore brukt til nålepute for skreddar og skomakar. Oversida kan vera frå heilt ljos, kvitaktig til mørkt gråbrun. Porelaget er fyrst kvitt, seinare blir det gulbrunaktig.

Ball laga av knivkjuke

Fordi den er så mjuk og lett å forme, har den heilt frå mellomalderen vorte bukt til å lage ballar av. Under andre verdskrigen, og andre tider når det har vore dyrt og vanskeleg å få tak i gummiballar, har slike kjukeballar og vorte laga til barneleike. Dei hardnar etter kvart, men ved å fukte litt, vart den mjukare og elastisk. Slike ballar kunne og smørjast med tjøre for å halde på elastisiteten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ove Arbo Høeg: Planter og tradisjon (Universitetsforlaget 1975)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Knivkjuke
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.