Knut O. Otterlei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut O. Otterlei
Fødd 28. november 1868
Fjørtofta
Død

31. oktober 1939

Yrke Fiskarbonde, politikar

Knut Severin Jonas Olsson Otterlei (28. november 186831. oktober 1939) var ein fiskar, gardbrukar, organisasjonsmann og politikar. Han var frå øya Fjørtoft i Haram.

Otterlei var son av ein gardbrukar på Fjørtoft. Han gjekk Romsdals amtsskole 1883-84, og dreiv deretter fiske. I 22 år førte han fiskefartøy, ti av desse åra var han skipper på eigen motorkutter, som dreiv både torske- og sildefiske på sunnmørshavet og vidare. Han tok over farsgarden på Otterlei i 1893 og dreiv denne ved sidan av fisket.

Otterlei hadde mange verv i fiskerinæringa, var leiar av fleire organisasjonar og tiltak. Han var medlem av heradstyret i Haram, i fleire år var han ordførar. Han var vald som stortingsrepresentant for Venstre frå Romsdals amt i periodane 1913 - 1921, medlem av konstitusjonskomiteen.

Otterlei døydde på heimegarden i 1939.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914