Knut Seip

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Seip
Fødd13. april 1942
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkematematikar

Knut Lehre Seip (fødd 1942 i Oslo) er ein norsk matematikar som er professor i Miljøadministrative metoder ved OsloMet - storbyuniversitetet.

Seip er cand. real. i fysikk frå Universitetet i Oslo i 1969, og han tok graden doctor philos. i 1992 på same stad på avhandlinga: Mathematical models of lake ecosystems. Han har hatt fleire stillingar ved Sentralinstitutt for industriell forskning, SI, Senter for industriforskning/SINTEF i perioden 1977-94. Han var tilsett i det første professoratet i miljøadministrative metodar ved Høgskolen i Telemark 1994-2000. Frå 2000 til 2011 var han professor og leiar for forsking og utvikling ved ingeniørutdanninga på Høgskolen i Oslo. Frå 2011 er professor Seip prodekan for forsking og utvikling ved Fakultet for teknologi, kunst og design ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

Fagleg profil[endre | endre wikiteksten]

Seip har arbeidd innanfor anvendt matematikk med geometri av dobbeltkrumme flater, innan økologi med modellar av økosystemet i strandsona; modellar av innsjøars økologi og terrestrisk økologi; innan makroøkonomi med leiande indeksars teori. Han har utvikla to metodar for å studere samvirke mellom aktørar, «fase-rotasjonsmetoden» og «vinkel-frekvens-metoden». Den første utvidar analysen av assosiasjonar med analysar av «før» og «etter» for sykliske fenomen. Den andre utvidar analysen av hellingar (β – koeffisientar i regresjonsanalyse) med analyse av kompassretningar. Begge metodane blir nytta til å karakterisere samvirke mellom aktørar, for eksempel som konkurrentar, tilretteleggjar/utnyttar, byttedyr/rovdyr. Metodane blir nytta innanfor økologi[1][2] og økonomi.[3][4]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Seip er medforfattar av to bøker, begge saman med Fred Wenstøp.

  • Seip, K.L. and F. Wenstøp: A primer on environmental environmental decision-making. An integrative quantitative approach (2006) Springer Verlag. ISBN 1-4020-4073-3
  • Wenstøp, F. and K.L. Seip: Verdier og valg - verdibasert beslutningsanalyse i praksis (2009) Universitetsforlaget. ISBN 9788-2150-1410-4

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sandvik, G., et al., Using the angle frequency method to detect signals of competition and predation in experimental time series. Ecology Letters, 2004. 7(8): p. 640-652.
  2. Leyequien, E., W.F. de Boer, and A. Cleef, Influence of body size on coexistence of bird species. Ecological Research, 2007. 22(5): p. 735-741.
  3. Seip, K.L. and R. McNown, The timing and accuracy of leading and lagging business cycle indicators: a new approach. International journal of forecasting, 2007. 22: p. 277-287.
  4. McNown, R. and K.L. Seip, Periods and structural breaks in US economic history 1959-2007: A data driven identification. J. Policy Modelling 2011. 33: p. 169-182.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]