Høgskolen i Oslo og Akershus
Høgskolen i Oslo og Akershus | |
![]() Høgskolen i Oslo og Akershus, studiestad Pilestredet | |
Grunnlagt | 1. august 2011 |
---|---|
Type | Statleg høgskole |
Rektor | Curt Rice |
Prorektor | Nina Waaler og Morten Irgens |
Stad | Oslo og Kjeller |
Studentar | 17188 [1] (2012) |
Tilsette | 1850[2][3] (2012) |
Medlemskap | UHR |
Nettstad | www.hioa.no |
Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) er ein norsk statleg høgskule som vart oppretta i 2011 gjennom samanslåing av Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Akershus på Kjeller. Høgskulen er den største i Noreg med 17 000 studentar og 1 800 tilsette.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Styra ved Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Akershus vedtok 9. desember 2010 å slå dei to institusjonane saman. Opprettinga av høgskolen vart vedtatt i statsråd 21. januar 2011. Den nye høgskulen blei offisielt opna 1. august same året.
I 2014 og 2016 vart dei tidlegare sjølvstendige statlege forskingsinstitutta Arbeidsforskningsinstituttet, Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring, Norsk institutt for by- og regionforskning og Statens institutt for forbruksforskning[4] slått saman med HIOA i ei eiga eining, Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (SVA).
Plassering[endre | endre wikiteksten]
HiOA har tre studiestader: Studiestad Pilestredet (Frydenlund, Pilestredet park og Holbergs plass), studiestad Kjeller og studiestad Sandvika (Kunnskapssenteret i Sandvika).[5] I tillegg har høgskolen undervisningsstader i Sandefjord.
Studietilbod[endre | endre wikiteksten]
Dei fleste av studietilboda ved høgskulen er profesjonsutdanningar. Høgskolen har halvårs- og årsstudiar, over 50 bachelorstudiar, 25 masterstudiar og ei rekke etter- og vidareutdanningstilbod. I tillegg har HiOA tre doktorgradsprogram og eit førstelektorprogram.[6]
Organisering[endre | endre wikiteksten]
Høgskolen har 4 fakultet med i alt 20 institutt.
- Fakultet for helsefag
- Institutt for atferdsvitskap
- Institutt for ergoterapi og ortopediingeniørfag
- Institutt for fysioterapi
- Institutt for Naturvitenskapelige helsefag
- Institutt for Sykepleie og helsefremmende arbeid
- Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studier
- Institutt for førskolelærarutdanning
- Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning
- Institutt for internasjonale studiar og tolkeutdanning
- Institutt for yrkesfaglærarutdanning
- Fakultet for samfunnsfag
- Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag
- Institutt for journalistikk og mediefag
- Institutt for offentleg administrasjon og velferdsfag
- Institutt for sosialfag
- Handelshøyskolen ved HiOA
- Fakultet for teknologi, kunst og design
- Institutt for bygg- og energiteknikk
- Institutt for estetiske fag
- Institutt for Maskin, elektronikk og kjemi
- Institutt for informasjonsteknologi
- Institutt for produktdesign
I tillegg har høgskolen eit senter for profesjonsstudiar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Totalt tal på registrerte studentar i følge Database for statistikk om høgre utdanning DBH
- ↑ HiOA nettside, henta 3.mai 2013.
- ↑ Talet på tilsette i ulike kategoriar i følge Database for statistikk om høgre utdanning DBH
- ↑ «Høgskolen i Oslo og Akershus og SIFO slår seg sammen». Regjeringen. 24. september 2015. Henta 18. desember 2015.
- ↑ Mer om HiOA
- ↑ Mer om HiOA
- «Mer om HiOA», hioa.no