Knut Strompdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Strompdal
Fødd 30. juli 1881
Brønnøy
Død

13. januar 1954 (72 år)

Yrke skribent

Knut Strompdal (30. juli 188113. januar 1954) var ein norsk folkeminnesamlar, politikar og bonde.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Knut Strompdal blei fødd i Strompdalen i Velfjord i 1881. Foreldra var gardbrukaren Hans Knutsen Strompdal og Elen Larsdotter. Bestefaren, Knut Hansen, kom i 1841 frå Gausdalen i Gudbrandsdalen til Susendalen, der han blei i rundt 25 år, men i 1869 kjøpte han seg gard i Strompdalen i Velfjord. Denne garden overtok sonen Hans. Knut var eldste sonen til Hans, og han hadde også søskena Ivar, Gustav, Julie og Marie. Knut Strompdal overtok garden i Strompdalen, og her budde også søstrene.

Knut og Ivar starta i 1907 Børja ungdomslag. Ungdomslaget gav ut det handskrivne bladet Gjallarhornet, der Knut skreiv både dikt og prosastykke.

Knut var ivrig venstremann og målmann. Han skreiv på landsmål (nynorsk), og han var opptatt av å ta vare på dialektord. Han tok også tidleg til med å samle folkeminne, og i 1923 fekk han stipend frå Norsk folkeminnesamling til innsamlingsarbeidet. Og dei neste 30 åra, frå 1923 til 1953, gjorde han fleire reiser kvart år for å samle inn tradisjonsstoff, særleg i Namdalen og på Helgeland. Som eit resultat av samlarferdene gav Norsk Folkeminnelag ut tre bind av Gamalt frå Helgeland, i 1929, 1938 og 1939.

Knut Strompdal hadde god kontakt både med folk i distrikta og med fagfolk. Store delar av det innsamla materialet frå åra 1923 til 1954 blei gitt til Institutt for folkloristikk. Velfjord historielag har kopi av dette materialet. Strompdal samla også mykje stoff om samane sitt liv og virke. I 2009 blei dette materialet gitt ut i verket Samane i helg og yrke.

Strompdal var også ivrig botanikar, og på ferdene for å samle folkeminne samla han også inn plantar som blei systematiserte. Han gav også ut "Planteliste frå Velfjord" som blei publisert i Nytt Magasin for Naturvitenskapene i 1939.

Som ivrig venstremann var Strompdal medlem i Velfjord heradsstyre [1911-1919, og frå 1926 til sist i 1930-åra. Han var ordførar i Velfjord 1932-1934. Han var òg medlem i likningsnemnda, overlikningsnemnda, skolestyret og soknerådet. Han var medlem av og formann i forstandarskapet i Velfjord Sparebank omtrent frå starten i 1921 til han døydde.

Knut Strompdal var med å stifte Velfjord Bygdesamling og sat i styret her.

Etter at Knut Strompdal døydde, blei garden Strompdalen fråflytta.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Gamalt frå Helgeland. Norsk folkeminnelags skrifter nr 19. Norsk folkeminnelag. Oslo 1929. 171 sider.
  • Gamalt frå Helgeland II. Norsk folkeminnelags skrifter nr 40. Norsk folkeminnelag. Oslo 1938. 112 sider.
  • Gamalt frå Helgeland III. Norsk folkeminnelags skrifter nr 44. Norsk folkeminnelag. Oslo 1939. 107 sider.
  • Samane : i helg og yrke. Fortalt av samane sjølv og andre - frå Helgeland og Namdal. Av Knut Strompdal. Bearbeidd av Eldfrid Strompdal Henriksen og Herlaug Vonheim, delvis omsett til samisk av Maja Lisa Kappfjell. Sijti jarnge. Hattfjelldal, 2009. 96 sider.

Prisar og minnesmerke[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]