Knuten i Geiranger
Utsjånad
62°04′37.9″N 7°14′6.50″E / 62.077194°N 7.2351389°E
Knuten er eit vegbyggverk ved Ørjasæter i Opplendskedal, Geiranger i Møre og Romsdal.
Knuten er ei vegkurve på 270°. Den vart konstruert for å redusere vegstiginga, og kryssar seg sjølv med ei bru. Den var opphavleg del av Geirangervegen frå 1889, og er framleis i så god stand at små køyretøy kan passere.
På verdsutstillinga i Paris i 1900 fekk ingeniørane gullmedalje for konstruksjonen, med orda: «Du giver et godt bilde av den storartede norske fjeldnatur».
Den nye køyrevegen går forbi Knuten via ei skjering.
Fotogalleri
[endre | endre wikiteksten]- Sett oppover
- Sett nedover
- Hundreårsminne for vegen
- Sett oppover (dagens bilveg i venstre kant)
- Detalj av tørrmurkvelving
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Knuten i Geiranger i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren