Koala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Koala
Koala
Koala
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av koala
Utbreiinga av koala
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Diprotodontia
Underorden: Vombatiformes
Familie: Phascolarctidae
Slekt: Phascolarctos
Art: Koala P. cinereus
Vitskapleg namn
Phascolarctos cinereus

Koala (Phascolarctos cinereus) er namnet på eit slag bjørneaktige, planteetande pungdyr som lever i tre. Dei er den einaste arten i familien Phascolarctidæ. Dyra et nesten berre eukalyptusblad, som gjev dei all det vatnet og næringa dei treng. Koalaen er òg kjend for å sova mykje, opptil 18 timar kvart døgn.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Koalamor med barn.
Koala ved Edingburgh Zoo.

Koalaer har tett grå pels med kvitleg underside og store hovud med ein lett kjenneleg, stor, svart snute. Ytste tåa på bakfoten er kort og sit på det andre leddet, medan dei to neste er nær samanvaksne, men med skilde klær. På framfoten står første og andre tåa mot dei andre, slik at dyret lett kan gripa og klatra.

Vekta varierer mellom 5 og 14 kg og lengda mellom 60 og 85 cm.

Kvilande koala.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Føda til koalaen er nesten berre eukalyptusblad, noko få andre dyr gjer. Blada er proteinfattige og inneheld ei rekkje vanskeleg fordøyelege stoff. Som dovendyr og vombatar har koalaen eit svært lågt stoffskifte og kviler mykje, 16–18 timar kvart døgn, hovudsakleg ved å sova. Koalaen er berre aktiv nokre timar om natta.

Dyra lever åleine og lagar få lydar, men under paringstida kan hannen laga ein nasal lyd som ein kan høyra opp mot ein kilometer vekke.

Trugsmål[endre | endre wikiteksten]

Jakt, hovudsakleg for pels, førte til at koalaen nesten var utrydda ved byrjinga av 1900-talet. Dyra forsvann heilt frå South Australia, men er blitt gjeninnførte, og finst no langs heile austkysten av Australia frå nær Adelaide til byrjinga av Cape York-halvøya og innover så langt der veks skog.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]