Kobi Marimi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kobi Marimi

Fødd8. oktober 1991 (32 år)
FødestadRamat Gan
Fødenamnקובי מרימי;
OpphavIsrael
Aktiv2017–
Instrumentgitar
Verka somsongar, skodespelar

Kobi Marimi (fødd 8. oktober 1991}}) er ein israelsk songar som vann den nasjonale talenttevlinga HaKokhav HaBa (den neste stjerna) i februar 2019.[1] Marimi representerte Israel i Eurovision Song Contest på heimebane i mai 2019 med låten «Home».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Marimi vart fødd og oppvaksen i Ramat Gan og flytta seinare til Tel Aviv der han jobba som bartender. Han har sunge sidan han var 13 år gammal og er utdanna skodespelar. Han vart seinare kåra til den meste lovande skodespelaren under israelske Musical Theatre Festival.[2]

Sjølv om han har sunge sidan han var tenåring, hadde ikkje Marimi noka formell songerfaring før han melde seg på den TV-sende talenttevlinga HaKokhav HaBa hausten 2018. Etter ein serie med semifinalar gjekk han til slutt til topps i finalen tysdag 12. februar 2019 send på israelske Keshet 12. Gjennom sigeren fekk Marimi representere Israel i finalen av Eurovision Song Contest 2019 på heimebane i Tel Aviv laurdag 18. mai. Bidraget «Home» vart offentleggjort i mars.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kobi Marimi to represent Israel in 2019 Eurovision Song Contest» (på engelsk). Henta 12. februar 2019. 
  2. «Kobi Marimi will represent Host Country Israel!». EBU. 12. februar 2019. Henta 12. februar 2019. 
  3. «Kobi Marimi brings 'Home' to Eurovision as Israel's 2019 entry». 10. mars 2019. Henta 13. april 2019.