Ramat Gan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ramat Gan
רָמַת גַּן, רָמַת־גַּן
by
Tel Aviv 20.05.11 006.jpg
Ramat Gan med Moshe Aviv-tårnet og Diamantbørs-distriktet
Flagg
Våpenskjold
Namneopphav: Hagehøgdene
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Tel Aviv distrikt
Del av Israeli coastal plain
Koordinatar 32°05′N 34°49′E
Areal 12,214 km²
Folketal 145 000 (2009) [1]
Folketettleik 11 872 / km²
Grunnlagd 1921
 - Bystatus 1950
Borgarmeister Yisrael Zinger

Ramat Gan
32°4′12″ N 34°49′25″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ramat Gan
Nettstad: www.ramat-gan.muni.il

Ramat Gan (hebraisk: רָמַת גַּן eller רָמַת־גַּן) er ein by i Tel Aviv distrikt i Israel, like aust for Tel Aviv. Her ligg ein av dei store diamantbørsane i verda, mange høgteknologiske føretak og den høgaste bygningen i Israel, Moshe Aviv-tårnet.

Ramat Gan vart grunnlagd i 1921 som ein moshava, eit gardsbruk drive av felleskapet. Mot slutten av 2009 var folketalet 145 000.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ramat Gan frå Moshe Aviv-tårnet.

Ramat Gan vart grunnlagd av Ir Ganim-samskipnaden[2] i 1921 som ein drabantby for Tel Aviv. Dei første tomtane vart kjøpt mellom 1914–1918.[3] Busetnaden var først ein moshava, ein sionistisk jordbrukskoloni som dyrka kveite, bygg og vassmelonar.[4] Namnet på busetnaden vart endra til Ramat Gan i 1923. Busetnaden var ein moshav fram til 1933, men han fekk status som lokal kommune alt i 1926. På denne tida hadde han 450 innbyggjarar. I 1940-åra vart ei slagmark i språkkrigen til landet: Ei jiddiskspråkleg prentepresse i Ramat Gan vart sprengd av hebraiske språkekstremistar.[5]

I løpet av åra har økonomien endra seg frå jordbruk til handel og industri. I 1946 var folketalet vokse til 12 000.[3] I 1950 fekk Ramat Gan bystatus. I 1955 var folketalet på 55 000. Den førte borgarmeisteren var Abraham Krinizi, som hadde denne stillinga i 43 år. I 1961 vart kommuneområdet utvida austover, og omfatta området som i dag inkluderer Sheba medisinsentral i Tel Hashomer og Bar Ilan universitet. I 1968 vart den største diamantbørsen opna i Ramat Gan.[3]

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Ramat Gan ligg i Gush Dan storbyområde aust for Tel Aviv. Han grensar i nord til Yarkonelva og i aust til Bnei Brak. Giv'atayim ligg i sørvest.[4]

Ramat Gan får kring 500 mm nedbør i året og ligg 80 meter over havet.[4] Han er bygd på ein kalksteinsås.[6] Ramat Gan omfattar Nasjonalparken som dekkjer kring 1 900 mål, og Davidparken i bydelen Merom Naveh.[7]

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Ramat Gan stadion

Maccabiah-spela vert halde i Ramat Gan kvart fjerde år. Ramat Gan stadion er nasjonalstadionet til Israel med plass til 41 583 innbyggjarar. Dette er det største stadionet i landet. Hakoah Amidar Ramat Gan og Hapoel Ramat Gan, som begge spelar på Winter stadion, er dei største fotballklubbane i landet, og har begge vunne meisterskap tidlegare. I basketball spelar Ironi Ramat Gan i den øvste divisjonen.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Ramat Gan er venskapsby med: [8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Table 3 – Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. June 30, 2010. Henta 6. juli 2015. 
  2. «Ramat Gan i Israel». Henta April 6, 2008. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Ramat Gan». Jewish Virtual Library. Arkivert frå originalen 2011-07-17. Henta April 6, 2008. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «General Information». Ramat Gan Municipality. Arkivert frå originalen March 27, 2008. Henta April 6, 2008. 
  5. Pilowsky, A: «Yiddish Along_side The Revival of hebraiske Public Polemics on the Status of Yiddish in Eretz Israel, 1907–1929», Readings i Sociology of Jewish Languages, page 123. Josva Fishman ed, Leiden – E.J. Brill, 1985.
  6. «Ramat Gan». Henta April 6, 2008. 
  7. «Parks & Safari». Arkivert frå originalen March 17, 2008. Henta April 6, 2008. 
  8. https://web.archive.org/web/20090801131221/http://www.ramat-gan.info/RamatGan/sister-cities/. Arkivert frå originalen 2009-08-01. Henta 5. september 2015.  Missing or empty |title= (hjelp)
  9. <name="Phoenix sisters">«Phoenix Sister Cities». Phoenix Sister Cities. Arkivert frå originalen 2015-08-26. Henta August 6, 2013. 
  10. «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 2013-12-03. Henta 5. september 2015. 
  11. «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 2013-10-31. Henta 5. september 2015. 
  12. «Strasbourg, Twin City». Strasbourg.eu & Communauté Urbaine. Arkivert frå originalen July 28, 2013. Henta 21. august 2013. 
  13. «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 2013-12-03. Henta 5. september 2015. 
  14. «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 2013-12-03. Henta 5. september 2015. 
  15. «Ramat Gan Sister Cities». [daud lenkje]
  16. «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 2013-12-03. Henta 5. september 2015. 
  17. «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 2014-02-03. Henta 5. september 2015. 
  18. «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 2011-07-21. Henta 5. september 2015. 
  19. «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 2012-01-18. Henta 5. september 2015. 
  20. «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 2013-12-03. Henta 5. september 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]