Kokolith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kokolith er eit blandingsprodukt av gips iblanda kokosfiber (frå kokosnøttskal). Materialet vart nytta som byggjemateriale for lettveggar i første halvdel av 1900-talet, og vart mellom anna nytta i Danmark i såkalla «vandrekirker», mellombelse kyrkjebygningar som skulle rivast eller flyttast når det vart bygd permanent kyrkjebygning på staden. Til dømes vart dette materialet nytta i den mellombelse Blågårds Kirke som vart bygd i 1905 i Blågårdens Sogn i København, teikna av Martin Nyrop, og i den mellombelse Aldersro Kirke i Aldersrogade i København, som tidlegare hadde vore mellombels kyrkje i Mariendals Sogn, teikna av Aage Bugge, og flytt til Aldersro i 1908, der ho seinare vart erstatta av den permanente Taksigelseskirken i Jagtvej på Østerbro i København i 1927.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]