Kolbrennar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein moderne kolbrennar på kolmila si.

Kolbrennar var i gamal tid ein fagkunnig person som framstilte trekol i kolmiler. Arbeidet gjekk ut på å sette opp ei mile av tettpakka ved i eit visst system, dekke ho til med jord, og tenne ein eld inne i mila som varma opp veden så han vart forkola, for deretter å slokke mila, og når mila var kald nok, rive ho og ta ut det ferdige trekolet. Det kunne ta døger og veker før kolet var ferdig, og kolbrennarane måtte vakte mila døgeret rundt for å syte for at prosessen gjekk som han skulle. Vanlegvis vart kolmilene plassert på høvelege stader i skogane for at vegen til råstoffet skulle vere stutt. Både ved av bartre og av lauvtre kunne nyttast.

Arbeidet gjorde at kolbrennarane vart svarte å sjå til av all oska og kolstøvet som sette seg fast over så å seie heile kroppen, og då dei vanlegvis hadde tilhald i skogane når dei dreiv med kolbrenning, vart det i mange land knytt ulike negative førestellingar og jamvel overtru til denne yrkesgruppa. På dansk, der kolbrennar vert kalla kulsvier, har dei omgrepet kulsviertro som ei nemning for ei naiv form for kristentru, ei blind autoritetstru: «En kulsvier blev spurgt om, hvad han troede på. Svaret var 'Det som kirken tror på'». Same omgrepet med det same meiningsinnhaldet finn ein òg til dømes i Frankrike, la foi du charbonnier («kolbrennartru»)[1], og i Tyskland, Köhlerglaube («kolbrennartru»)[2].

Trekol brenn med høg varme når det vert tilført luft ved hjelp av blåsebelgar, og vart nytta som brensle under framstilling, støyping og forming av jarn og andre metall, til framstilling av glas og liknande som kravde oppvarming i rein eld med høg temperatur, og dessutan til produksjon av svartkrut.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Anders Uhrskov (1881-1971, dansk folkelivsskildrar og folkeminnesamlar), Kulsvierbogen : skildringer på nordsjællandsk folkemaal, Hans Toftes Boghandel, 1967.
  • Valdemar Seeger, Fra Kulsvierlandet, Fredensborg, 1929

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]