Kolmile

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei mile som er bygd for å syne dekklaget av granbar og jord over veden
Byrjinga på reisinga av ei mile

Kolmile er ei innretning for framstilling av trekol. I kolmilene, dei såkalla reismilene, vart store mengder ved frå skogen ikring stabla opp etter eit fastsett system, dekt med granbar og jord, og deretter sett eld på. Som fylgje av at noko av veden fekk brenne opp under kontrollert tilgang på luft, vart det varme nok inne i mila til å setje i gang ein tørrdestilasjon av resten av veden, som på den måten vart omdanna til kol. Både bartre og lauvtre kan vere råstoff for trekol.

Trekol brenn med høg varme når det vert tilført luft ved hjelp av blåsebelgar, og vart nytta som brensle under framstilling, støyping og forming av jarn og andre metall, til framstilling av glas og liknande som kravde oppvarming i rein eld med høg temperatur, og dessutan til produksjon av svartkrut. Kolet vart nytta både i gradssmier og bygdesmier, og ikkje minst i jarnverka og jarnstøyperia, som etablerte eit system for trekolproduksjon som femna om store geografiske område, og i sesongen engasjerte mykje folk i både sjølve kolbrenninga og i transporten av kolet til verka. Dette var hovudsakleg ei attåtnæring for småbønder og husmenn, og gjekk føre seg i skogane i nærområda til garden. Spor og leivningar etter gamle kolmiler, som ofte vart reiste på same staden år etter år, er framleis å sjå som sirkulære såkalla kølabonnar, kolbotnar, i skogane, med trekolbitar og oskerestar under ein meir eller mindre vegetasjonsfri jordoverflate.

Reismila var ei oppfinning som kom frå Tyskland til Skandinavia på 1500-talet, og heilt fram til slutten av 1800-talet var denne metoden i bruk for framstilling av trekol. Men trekolframstilling har gått føre seg i fleire tusen år, for dette har vore ein føresetnad før utvinning av metall og framstilling av metallreiskapar og metallsmykke. Utvinninga av jarn frå myrmalm som gjekk føre seg i Skandinavia i jarnalderen var avhengig av trekol, som då vart laga i om lag meterdjupe gropar i jorda, slik ei mengd funn av rester etter slik groper syner, omtalt som kolgroper i arkeologien.

Teikning av eit snitt gjennom ei kolmile

Reismila[endre | endre wikiteksten]

Mila vert reist
Ei kolmile før dekklaget av jord er kome på plass
Kolmila er sett fyr på

Marka der mila skal plasserast, må vere mest mogleg jamn og vassrett. Ein stokk som vert kalla kongen, vert reist loddrett, gjerne slått ned i marka og stiva av for å stå støtt, og skal danne den midtstokken som mila skal leggjast opp ikring. Langs sida av stokken vert det laga ein loddrett sjakt som skal gå frå botn og opp til toppen av mila, og verte nytta til båe å tenne mila med, og å fungere som avtrekk i oppfyringsfasen. Frå denne midtstokken vert det lagt trestranger radialt ut mot kanten av mila, med eit horisontalt lag med ved oppå, slik at det vert danna eit «golv» som gjev eit luftrom under veden i mila. Vedkubbar i ein til to meters lengd vert deretter reist på høgkant og med ei lita helling inn mot kongen, med ekstra turr ved inst mot den nedste parten av kongen, der oppfyringa av mila skal gå føre seg. Hellinga på veden er størst nærast kanten,med ei helling på om lag 60° ytst, der kubbar av ulik storleik vert nytta til å jamne ut overflata. Så vert mila dekka til av bar og torv og til slutt med eit tjue centimeter tjukt lag av leireinnblanda jord for å gjere mila tett. Nokre kanalar langs bakken inn til luftrommet under mila syter for luft til forbrenninga, som setjast i gang ved at brennande ved frå eit bål på toppen av mila vert dytta ned til botn gjennom kanalen langsetter kongen og får mila til å brenne.

Dersom det undervegs går hol på tettinglaget av jord, må dette verte reparert med ny jord snarast råd er, og lufttilgangen må justerast, slik at ikkje for mykje av veden brenn opp eller at brenninga stoggar. Mina må såleis vere under konstant overvaking den tida brenninga varar, som er fleire døger og jamvel veker for ei stor mine. Difor hadde mannskapet ei primitiv hytte attmed mina til å søve i. Men det hende likevel at mina tok fyr og alt arbeide som var lagt i å skaffe fram veden og byggje mina vart til inga nytte. Å gå opp på ei tend mile i freistnader på å bøte hol i jorddekket, kunne òg føre til at liv gjekk tapt ved at folk falt ned i mila.

Når brenninga var avslutta ved at lufttilgangen vart stengd, og mila etter lang tid var kald nok, vart ho rive ned og kolet teke ut.

Kolbrennar[endre | endre wikiteksten]

Dei folka som arbeidde med å framstille trekol vart kalla kolbrennarar.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ueland, Torgny. 2006. Kolmile : frå ved til trekol, i Årbok for Nordfjord 40 (s. 117-136 ill.), [Sandane]: Sogelaget
  • Årbok for Norsk skogbruksmuseum : skogbruk, jakt og fiske. Nr 14/1993-1996, Elverum: Norsk skogbruksmuseum.
  • Larsen, Jan Martin; Stenseng, Jon; Kittelsen, Kjell H. 2002 [2001]. Vestmarka : seterliv og kølabrenning. Asker og Bærum Historielag: ISBN 82-90095-09-0
  • Haugan, Axel. 1997. Med køl til Eidsfoss i 200 år. Ramnes. ISBN 8299451701
  • Møller, Hans (1736-1796), Raad og Advarsel for dem, som staae Fare for at omkomme ved Kulbrænderie, i Anledning af trende Mennesker, som derved satte Livet til, i Topographisk Journal for Norge H. 1. 1792