Svartkrut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Svartkrut er eit type krut som mange meiner vart oppfunne i Kina i det niande hundreåret og var det einaste i omfattande bruk heilt fram til det nittande hundreåret. For bruk i skytevåpen og sprenging, har svartkrut vorte erstatta av røyksvakt krut og dynamitt. I dag blir det brukt i fyrverkeri og i skytevåpen av entusiastar.

Svartkrut blir framstilt ved å blande svovel, trekol, og salpeter mekanisk. Tidlegare skjedde dette med ein morter drive for hand. Seinare har ulike typar blandeapparat som hjulmøller og kulemøller drive av eit vasshjul eller av elektrisitet vorte nytta. Trekolet som blir nytta i svartkrutt er vanlegvis av eit lett treslag som pil, hassel eller svartor. I Noreg har svartkrutt vore framstilt mellom anna på Nittedals kruttverk, men i dag er det ikkje noko innanlands produksjon.

Forbrenninga av krutet skaper ei mengde små partiklar som dannar kondensasjonskjernar for vassdampen som finst i lufta. Det er dette som fører til såkalla krutrøyk.