Kolektomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kolektomi er den kirurgiske reseksjonen av delar av tjukktarmen (kolon). Omgrepet blir stundom brukt for å skildre fjerninga av heile tjukktarmen og endetarmen, men det eigentlege namnet på denne prosedyren er proktokolektomi.

Indikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Nokre av dei vanlegaste indikasjonane for kolektomi er:

  • Kolorektal kreft
  • Divertikulitt og divertikulose i tjukktarmen
  • Alvorleg traume
  • Inflammatorisk tarmsjukdom, til dømes ulcerøs kolitt eller Crohn sjukdom. Kolektomi verken kurerer eller fjernar Crohn sjukdom, men delar av den sjukdomsråka tjukktarmen kan fjernast. Kolektomi blir rekna som ein kur for ulcerøs kolitt, sidan sjukdommen berre rammar tjukktarmen; ein fjernar beint fram heile tjukktarmen (den oppstigande delen, nedstigande delen, tversgåande delen, den slyngete bakdelen og blindtarmen) og endetarmen. Det er likevel ingen garanti for at ekstraintestinale manifestasjonar forsvinn. Ekstraintestinale manifestasjonar er ulike symptom merka av pasienten i samband med irritabel tarm-syndrom (IBS) eller inflammatorisk tarmsjukdom (IBD), som ikkje råkar tarmkanalen, men som råkar andre organ eller kroppsdelar.
  • Profylaktisk kolektomi kan vere indisert i nokre former av polypose, Lynchs syndrom og visse tilfall av inflammatorisk tarmsjukdom på grunn av høg risiko for utvikling av kolorektal kreft.
  • Tarminfarkt
  • Nøytropen enterokolitt (tyflitt)

Grunnprinsipp[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonell kolektomi blir utført med abdominal incisjon (laparotomi). I dag er det vanlegare å bruke minimalt invasiv kirurgi i form av laparoskopi (kikholsoperasjon). Reseksjon i tjukktarmen inneber mobilisering og ligering av korresponderande blodårer. Lymfadenektomi ved kolorektal kreft blir vanlegvis utført ved eksisjon av feittvevet rundt desse årene (mesokolon). Når reseksjonen er fullført kan kirurgen avgjere om tarmen skal lukkast, ved å sy eller stifte saman dei opne endane (primær anastomose), eller om det skal lagast ein stoma (kolostomi). Ulike faktorar må takast i betraktning:

  • Omstendene kring inngrepet (elektiv vs naudhøve).
  • Kva slags sjukdom som blir behandla. Til dømes vil ikkje kolektomi kunne kurere Chrons sjukdom, fordi sjukdommen vanlegvis råkar området der dei friske delane av tjukktarmen blir festa saman. Difor vil kolektomi av tverrgåande tjukktarm ofte medføra at sjukdommen dukkar opp att i dei reseserte delane av den oppstigande og nedstigande tjukktarmen.
  • Pasienten sin akutte fysiologiske tilstand.
  • Følgjene av å leve med ein kolostomi, sjølv om det berre er mellombels.
  • Bruken av spesifikke preoperative regime med kontrollert kosthald og laksantia. Kosthaldet fokuserer på å unngå mat som aukar tarmaktivitet, slik som mjølk, mjølkeprodukt og svisker. Slike diettar er ofte avgrensa til 7–10 gram fiber per dag.

Anastomosar medfører risiko for sårruptur, der stinga bryt opp slik at såret opnar seg. Dette kan føre til kontaminasjon i bukhola, bukhinnebetennelse, blodforgifting og død. Kolostomi er alltid tryggare, men kan vere ei samfunnsmessig, psykisk og fysisk belastning for pasienten. Dette er eit omstridd tema som er mykje diskutert blant kirurgar.

Typar[endre | endre wikiteksten]

  • Høgresidig hemikolektomi og venstresidig hemikolektomi syner høvesvis til reseksjon av den oppstigande (høgre) og nedstigande (venstre) delen av tjukktarmen. Når ein også fjerner delar av den tverrgåande tjukktarmen kan inngrepet skildrast som ein utvida høgresidig hemikolektomi eller utvida venstresidig hemikolektomi.
  • Sigmoidektomi er reseksjonen av sigmoideum (enden av endetarmen), og omfattar somme gonger fjerninga av heile endetarmen (rektosigmoidektomi). Når sigmoidektomi følgjes av terminal kolostomi (endekolostomi) og lukking av rektumstumpen, blir det ofte kalla for Hartmanns operasjon.
  • Fjerning av heile tjukktarmen blir kalla total kolektomi. Viss ein også fjerner endetarmen blir det kalla ein proktokolektomi.
  • Subtotal kolektomi er reseksjonen av delar av tjukktarmen eller heile tjukktarmen, utan fullstendig reseksjon av endetarmen.[1]

Laparoskopisk kirurgi[endre | endre wikiteksten]

Laparoskopi (kikholsoperasjon) er stadig meir brukt på grunn av lågare risiko og snøggare læking.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sir William Arbuthnot Lane var ein av dei tidlega talsmenna for bruk av total kolektomi, sjølv om overforbruket hans satte spørsmålsteikn ved inngrepet.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Oakley JR, Lavery IC, Fazio VW, Jagelman DG, Weakley FL, Easley K (Juni 1985). «The fate of the rectal stump after subtotal colectomy for ulcerative colitis». Diseases of the Colon and Rectum 28 (6): 394–6. 
  2. Simorov A, Shaligram A, Shostrom V, Boilesen E, Thompson J, Oleynikov D (September 2012). «Laparoscopic colon resection trends in utilization and rate of conversion to open procedure: a national database review of academic medical centers». Annals of Surgery 256 (3): 462–8. 
  3. Lambert, Edward C. (1978). Modern medical mistakes. Indiana University Press. s. 18. ISBN 0-253-15425-1.