Hopp til innhald

Kollbotnet

Kollbotnet
fjord
Land  Noreg
Fylke Trøndelag, Nordland
Kommunar Nærøysund, Bindal
Kart
Kollbotnet
65°00′28″N 12°11′44″E / 65.00765991°N 12.19551086°E / 65.00765991; 12.19551086

Kollbotnet er ein fjordarm av Sørfjorden i Bindal kommune i Nordland og Nærøysund kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 7,5 km sørover til garden Kolla, som fjorden er kalla opp etter og garden Botnet inst i fjorden. Berre den inste delen av fjorden, vest for Kolla, ligg i Nord-Trøndelag.

Fjorden har innløp mellom Årsandsøya i vest og Kvitnesodden i aust. Denne ytste delen av fjorden heiter Kollstraumen og Riksveg 801 kryssar dette sundet på Kollstraumen bru.[1] Like over på vestsida møter han Fylkesveg 17 som går langs heile vestsida av fjorden.

  1. ↑ Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner, sjå eigen bolk om Kollstraumen bru. (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2007-11-11, henta 2008-03-12 {{citation}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)

65°0′27.576″N 12°11′43.840″E / 65.00766000°N 12.19551111°E / 65.00766000; 12.19551111