Sørfjorden i Bindal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 65°3′50.494″N 12°15′2.8296″E

Flyfoto av Sørfjorden framfor fjellet Heilhornet, bak fjellet kan ein sjå fjorden Kjelda
Foto: Erlend Bjørtvedt

Sørfjorden er ein fjord i Bindal kommune i Nordland og Nærøy kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 19 km sørvestover til Simle i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Terråk i søraust og Hjartøya i nordvest. Grenda Breivika ligg på sørsida av fjorden og frå dette punktet vert fjorden smalare. Ved Årsandøya stikk fjordarmen Kollbotnet sørover. Riksveg 801 følgjer sørsida av fjorden frå Terråk og går over Kollstraumen, innløpet til Kollbotnet, på Kollstraumen bru [1]. På andre sida møter han Fylkesveg 17 som følgjer fjorden vidare vestover på sørsida.

Ved Djupvikvågen snur fjorden nordvestover og ved Kvitnesodden vestover igjen. Har smalnar fjorden enno meir inn og ved Simlestraumen går Fylkesveg 17 over fjorden og held fram nordover. Frå her og inn Simlebotn følgjer fjorden fylkesgrensa mellom Nord-Trøndelag og Nordland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner, sjå eign bolk om Kollstraumen bru.