Komsomolsk-na-Amure
Komsomolsk-na-Amur Комсомольск-на-Амуре | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Khabarovsk kraj | ||
Grunnlagd Bystatus |
1932 1933 | ||
Borgarmeister | Vladimir Mikhaljov | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
325 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2009) - folketettleik |
270 800 833,2 /km² | ||
Koordinatar | 50°33′0″N 137°00′0″E / 50.55000°N 137.00000°E | ||
Høgd over havet | 30 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
VLAT (UTC+10) VLAST (UTC+11) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 6810xx | ||
Retningsnummer (tlf) | (+7)4217 | ||
Nettstad: www.kmscity.ru |
Komsomolsk-na-Amure (russisk Комсомо́льск-на-Аму́ре) er ein by i Khabarovsk kraj i Russland. Han ligg på venstresida av elva Amur, rundt 356 km nordaust for Khabarovsk, og ved BAM-jernbanen. I 2009 hadde byen om lag 270 000 innbyggjarar.
På kinesisk vert byen kalla Gongqing Cheng (共青城), direkte omsett som «Komsomolbyen». Området låg opphavleg i keisardømet Kina, men kom under russisk overhøgd etter Aigun-traktaten i 1858.
Landsbyen Permskoje (russisk skrift Пе́рмское) vart grunnlagd i 1860 av innflytta småbønder frå Perm gubernija. I 1932 vart det bygt tungindustrifabrikkar på staden, landsbyen fekk bystatus og namnet vart endra til Komsomolsk-na-Amure, sidan han vart grunnlagt som industrielt senter av den kommunistiske ungdomsorganisasjonen Komsomol.
I løpet av 1900-talet utvikla byen seg til eit regionalt senter for industriar som metallurgi, maskinbygging, oljeraffinering og skipsbygging. Flyprodusenten Sukhoi har store fabrikkar i byen. Khurba flybase ligg sør for byen og Dzemgi flybase ligg i nord.
Kjende personar frå Komsomolsk-na-Amure
[endre | endre wikiteksten]- Valerij Rjumin, sovjetisk kosmonaut
- Jurij Tsjaika, politikar
- Julija Tsjepalova, skiløpar og olympisk meister.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Komsomolsk-na-Amure» frå Wikipedia på bokmål, den 30. november 2008.