Farad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Farad er ei avleidd SI-eining for måling av elektrisk kapasitans. Symbolet for farad er F. Ein kondensator har ein verdi på 1 farad når ein ladning på 1 coulomb er årsak til ein potensialforsjell på 1 volt over den.

Farad er ei stor eining og kapasitansverdien til kondensatorar er som oftast oppgitt i mikrofarad (μF), nanofarad (nF) eller pikofarad (pF).

Eininga har fått namn etter den britiske vitskapsmannen Michael Faraday

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.