Kongemosekulturen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ruse frå yngre Kongemose, ca. 5500 f.Kr., ved Hørsholm egnsmuseum

Kongemosekulturen viser til ein arkeologisk kultur som fanst frå ca. 6000 f.Kr. til 5200 f.Kr. i Danmark. Han har namn etter ein funnstad i Vest-Sjælland som blei graven ut i 1950-åra, og først då skild ut som ei eiga kulturgruppe. Kongemose-buplassane er særleg kjend frå Sjælland og Skåne, der det er påvist både kyst- og innlandsbuplassar.

Kongemosekulturen er rekna til mellomsteinalderen. Det arkeologiske materialet merker seg særleg ut ved den gode flekketeknikken, som viser seg i ei rekkje reiskapsformer. Menneska i denne kulturen var storviltjegerar, og på innlandsbuplassane er det funne tusenvis av margspalta knoklar av kronhjort, rådyr, villsvin, urokse, bever og anna. Funn frå kystbuplassane viser at folket der har spedd på med fiske og jakta på sel. Kulturen var ein forløpar for den seinare Ertebøllekulturen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]