Hopp til innhald

Kongsberg Defence & Aerospace

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kongsberg Defence & Aerospace
Org.formAksjeselskap
Org.nr.978614582
BransjeForsvarsindustri, luft- og romfartsindustri
Skipa28. mai 1997
Forgjengar(ar)Kongsberg Våpenfabrikk
MorselskapKongsberg Gruppen
DotterselskapKongsberg Satellite Services
HovudkontorKongsberg kommune
LandNoreg
ProduktJoint Strike Missile, Norsk Sjømålmissil, Pingvin, NORTaC-C2IS, Protector RWS, NASAMS
Nettstadhttps://www.kongsberg.com/kda (engelsk)

Kongsberg Defence & Aerospace (KDA) er eit teknologiføretak i Kongsberg Gruppen (sic) (KOG) som produserer utstyr for militær bruk og romfart. Dei mest kjende produkta er raketten Pingvin. Føretaket stammar fra Norsk Forsvarsteknologi (NFT) og før det igjen frå Kongsberg Våpenfabrikk (KV).

KDA har 1480 tilsette i inn- og utland og samarbeider mellom anna med det europeiske luftfarts- og forsvarskonsernet EADS og Raytheon og Lockheed Martin i USA.

  • Integrated Director Group (IDG) radarsystem for målbelysning
  • Pingvin/Penguin passivt varmesøkande antiskipsrakett
  • Naval Strike Missile (NSM) antiskipsrakett med passiv varmesøkar
  • Trenarar og simulatorar for mange uliek system
  • Mekanikk og optomekanikk for romfartøy
  • EriTac taktisk kommunikasjon
  • Multi-Role Radio (MRR) feltradioar
  • ComBatt eit system for slagmarkasadministrasjon
  • Krypteringsutstyr
  • NORTaC-C2IS kommando- og kontrollsystem for taktiske operasjonar i Hæren
  • Komposittmaterialar
  • MSI-90 ubåtsystem kommando og våpenstyring for ubåtar
  • MSI 2005F system for antiubåtkrigføring; til bruk på m.a. fregattar
  • Senit 2000 kommandosystem for Hauk-klasse MTBar
  • MICOS minejakt og minesveiping
  • Kongsberg Mission Planning System (KAMP) taktisk system for marineoperasjonar
  • Minesniper Fjernstyrt mineødeleggar
  • Protector RWS fjernstyrt bevegeleg tårn for kampkjøretøy
  • SL-AMRAAM - bakkeavfyrt AIM-120 luftver, både som separat system i NASAMS og integrert med HAWK
  • GBADOC bakkebasert luftromskontrollsystem
  • Programvare for E3A AWACS

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kongsberg Defence & Aerospace