Genfersjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Genfersjøen
innsjø
Genfersjøen sett frå Montreux
Land  Sveits,  Frankrike
Tilsig Rhône, La Drance, L'Aubonne, La Morges, Venoge, og Veveyse
Utløp Rhône
Nedslagsfelt 7 975 km²
Opphaldstid 11,4 år
Høgd over havet 372 moh.
Lengd 73 km
Breidd 14 km
Areal 580 km²
Middeldjupn 153,4 m
Største djupn 310 m
Volum 89 km³
Koordinatar 46°26′N 6°33′EKoordinatar: 46°26′N 6°33′E
Øyar Ile de la Harpe, Ile de Peilz
Byar Montreux, Genève, Lausanne
Kart
Genfersjøen
46°27′ N 6°33′ E
Wikimedia Commons: Lake Geneva

Genfersjøen er den nest største ferskvassinnsjøen i Sentral-Europa etter Balatonsjøen. 60 % av innsjøen ligg i Sveits (kantonane Vaud, Genève og Valais), medan resten ligg i Haute-Savoie i Frankrike. Andre namn på sjøen er tysk Genfersee, fransk Lac Léman eller le Léman, 'Lémansjøen' og Lac de Genève, 'Genèvesjøen'

Innsjøen, som vart danna av isbrear under den siste istida vert smalare frå Yvoire og sørover, og innsjøen vert derfor delt inn i dei to delane Grand Lac (Stor innsjø) i aust, og Petit Lac (Liten innsjø) i vest.

Genfersjøen er ein innsjø på elva Rhône. Ho har sitt utspring ved Rhônebreen nær Grimselpasset aust for innsjøen og renn ned gjennom Valais, og ut i innsjøen mellom Villeneuve og Saint-Gingolph. Ho renn vidare frå Genfersjøen ved Genève. Andre elvar som munnar ut i Genfersjøen er La Drance, L'Aubonne, La Morges, Venoge, og Veveyse.

I 1960-åra var ikkje lenger innsjøen den viktige transportåra han hadde vore i mange hundre år. Seint på 1960-talet var innsjøen så forureina at det var farleg å bade ved enkelte strender, og turistar på tur i den lokale ubåten hadde nærast null sikt. Ubåten vart til slutt seld. I 1980-åra hadde kraftig miljøforureining (eutrofiering) tatt knekken på nesten all fisk i innsjøen. I dag er forureiningsnivået mykje lågare, og det er heilt trygt å ta seg eit bad. Innsjøen vert i dag nytta til segling, vindsurfing, båtsport (som vasski og wakeboard), roing, dykking og bading.

Kyststripa mellom Nyon og Lausanne vert kalla La Côte, og mellom Lausanne og Vevey vert ho kalla Lavaux.

Namn[endre | endre wikiteksten]

J.M.W. Turner: Genfersjøen frå Montreux, 1810.

Det første nedteikna namnet på innsjøen er Lacus Lemannus frå romartida, men skifta seinare namn til Lacus Lausonius, Lacus Losanetes og så Lac de Lausanne i mellomalderen. Etter at Genève utvikla seg vart innsjøen kalla Lac de Genève (Genèvesjøen), og på 1700-talet kom det som i dag er det offisielle franske namnet på innsjøen, Lac Léman. Enkelte kart kallar innsjøen Lac d'Ouchy (etter ei hamn ved Lausanne).

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

CGN hjuldamperen Montreux går ut frå Évian-les-Bains i juli 2002.

Dette er ei liste over byar og landsbyar ved Genfersjøen. Ho startar der Rhône munnar ut i aust, og med sørsida til venstre.

Sørsida Nordsida
Grand Lac
Petit Lac

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]