Konstantin Gorbatov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 9. november 2009 kl. 00:04 av Zorrobot (diskusjon | bidrag) (robot la til: en:Konstantin Gorbatov)
Isaak Brodskij:Portrett av Konstantin Gorbatov

Konstantin Ivanovitsj Gorbatov (russisk: Константин Иванович Горбатов) 17. mai 187624. mai 1945 var ein russisk post-impresjonistisk målar.

Liv og gjerning

Gorbatov var fødd i Stavropol i provinsen Samara. Han budde i Riga frå 1896 til 1903, og studerte ingeniørvitskap før han gjekk i målarlære. Gorbatov flytta til St. Petersburg i 1904 og studerte ved ein høgre skule der han lærde teknisk teikning. Deretter tok han til med arkitektur i St. Petersburgs kunstakademi, før han studerte kunstmåling med Nikolaj Dubovskij. Gorbatov fekk stipend og studerte kunst i Roma og på Capri. Han vende tilbake til St. Petersburg og deltok på Peredvizjnikij sine utstillingar.

Utsyn mot ein gammal by

Gorbatov forlet Russland for godt i 1922 i kjølvatnet av oktoberrevolusjonen. Han slo seg ned på den italienske øya Capri, men flytta i 1926 til Berlin og budde der til han døde. I Berlin vart han med i ein sirkel av russiske emigrantkunstnarar, så som Leonid Pasternak, Vadim Falilejev og Ivan Mjasojedov. Han vart ein velkjend og etablert kunstnar. Gorbatov reiste i 1930-åra rundt om kring i Europa. Han vitja Palestina og Syria i 1934 og 1935, og var ofte innom Italia.

Gorbatovs kunst vart erklært uynskt i Nazi-Tyskland og familien måtte deretter klare seg med lite. Etter som han var borgar av Sovjetunionen hadde han forbod mot å forlate Tyskland medan verdskrigen pågjekk. Gorbatov døde den 12. mai 1945, kort etter den allierte sigeren over Tyskland. Kona hans tok livet sitt 17. juli 1945.

Gorbatov testamenterte arbeida sine til kunstakademiet i Leningrad. Verka vart overlevert Moskva regionale museum for historie og kunst, og har sidan vore utstilt i Ny-Jerusalem-klosteret.