Samara
Samara | |||
Самара | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Føderasjonssubjekt | Samara oblast | ||
Høgd | 100 m | ||
Areal | 541,0 km² | ||
Folketal | 1 154 223 (1. januar 2025) | ||
Grunnlagd | 1586 | ||
Tidssone | SAMT (UTC+4) | ||
• Sommartid | SAMST (UTC+5) | ||
Postnummer | 443000–443125 | ||
Retningsnummer | +7 846 | ||
Bilnummer | 63, 163 | ||
![]() Samara 53°11′00″N 50°07′00″E / 53.183333333333°N 50.116666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Samara |
Samara (russisk Сама́ра; frå 1935 til 1990 kalla Kujbysjov, Ку́йбышев) er den sjette største byen i Russland. Han ligg søraust i den europeiske delen av Russland ved Volga. Samara er hovudstad i Samara oblast og har om lag 1,1 millionar innbyggjarar. Storbyområdet Samara-Togliatti-Syzran har meir enn 3 millionar innbyggjarar. Tidlegare var Samara ein lukka by, men er i dag eit viktig senter for samfunn, politikk, økonomi, industri og kultur.
Samara ligg på venstresida av Volga. I nord ligg Sokolyjåsane og i sør og aust steppelandskap. Samara har eit kontinentalklima med varme somrar og kalde vintrar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ei segn fortel at metropolitten Aleksej, seinare vernehelgenen til Samara, vitja staden der byen i dag ligg i 1357 og føresåg at det kom til å reisast ein stor by her. Kaien ved Volga i Samara dukka opp italienske kart på 1300-talet, men offisielt vart ikkje byen grunnlagd før 1586 då det vart reist ei festning der elva Samara munnar ut i Volga. Festninga vart bygd ved det som då var den austlege landegrensa til Russland, og skulle verna nasjonen mot invaderande nomadar frå aust. Eit lokalt tollkontor vart oppretta her i 1600.
Etter kvart som fleire og fleire skip kom til hamna i Samara vart byn eit senter for diplomatiske og økonomiske band mellom Russland og Austen. Byen vart vitja av Peter den store og tsar Nikolaj II.
I 1780 vart Samara hovudbyen (ujezd) i Simbirsk oblast, styrt av ein lokal generalguvernør. Ein domstol og eit finansdepartement vart oppretta. I 1851 då Samara vart senter i Samara oblast, hadde han om lag 20 000 innbyggjarar. Dette stimulerte utviklinga av det økonomiske, politiske og kulturelle livet i byen. Ved starten av 1900-talet hadde byen meir enn 100 000 innbyggjarar, og vart eit stort handels- og industrisenter i Volga-området. Den russiske revolusjonen førte til sovjetisk kontroll over Samara i 1917, men i juni 1917 med væpna støtte frå tsjekkoslovakiske styrkar, vart byen teke av Komutsj.
I 1917 var det ein alvorleg svoltkatastrofe i Samara og Fridtjof Nansen var av personane som kom til byen for å hjelpe dei svoltråka. Samara fekk namnet Kujbysjov til ære for bolsjevikleiaren Valerian Kujbysjov i 1935.
Under den andre verdskrigen vart Kujbysjov vald som hovudstaden av Sovjetunionen om Moskva skulle falle til tyskarane. I oktober 1941 vart kommunistparitet, statlege organisasjonar, diplomatiske utsendingar frå utlandet og leiande kulturinstitusjonar evakuert til byen.[1] Eit tilfluktsrom for Stalin, kalla Stalinbunkersen, vart grave ut men aldri nytta.
Som eit stort industrisenter spelte Kujbysjov ei viktig rolle med å produsere våpen til Sovjetunionen. Ein kjend militærparade vart halde her 7. november 1941. Kujbysjov vart verande ein alternativ hovudstad i Sovjetunionen fram til sommaren 1943 då alt vart flytta tilbake til Moskva.
Etter krigen utvikla forsvarsindustrien seg raskt i byen og Kujbysjov vart ein lukka by. I 1960 vart Kujbysjov missilskjoldsenteret i landet. Utkytingsfartøyet Vostok, som sende opp den første bemanna romskipet i verdsrommet, vart bygd ved ein fabrikk i Samara, og byen var ei viktig brikke i utviklinga av romprogrammet til Sovjetunionen.
I januar 1991 fekk byen tilbake namnet Samara. I dag er byen er eit stort industrisenter i Russland og har eit stort kulturelt potensial med ein multietnisk folkesetnad og lang historie.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Andrew Nagorski: The Greatest Battle, 2007, s. 165-166
- ↑ Samara City, arkivert frå originalen 6. desember 2008, henta 7. november 2008
- Denne artikkelen bygger på «Samara, Russia» frå Wikipedia på engelsk, den 7. november 2008.