Konvoi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oversynsbilete av slusene på atlanterhavssida i Panamakanalen, for å effektivisera gjennomfarten vert nytta konvoiar
Foto: Stan Shebs

Ein konvoi er ei gruppe skip som flyttar seg saman for felles støtte, i samband med krig eller opprør. Konvoi kan òg nyttast for å effektivisera transportsystem, som i Panamakanalen.

I moderne sjøfartsterminologi vil ein konvoi bestå av væpna støtte i form av krigsskip som kan skremma moglege åtakarar. Nytta av konvoiar til sjøs har lange tradisjonar, og vart sist brukt under den såkalla «tankarkrigen» i Persiabukta.

Ein konvoi kan òg referera til kolonnekøyring, gjerne med lastebilar.

Opphavet til konvoiar[endre | endre wikiteksten]

Ordet konvoi kjem frå det gamle franske ordet convoier, som igjen stammar frå det latinske ordet for 'å gå saman'; conviare. Nytta av det franske ordet er først dokumentert som eit verb i 1375. Ordet brukt som substantiv i tydinga 'leia eller eskortera for vern' er først dokumentert i 1557, medan den noverande tydinga stammar frå rundt 1600. Handelsfartøy segla endå ofte saman på utsette strekningar – til dømes byrja hanseatane (frå tysk hansa, 'samling av våpen') som eit slag konvoiforbund for å verne kvarandre si last ved å segla samla i grupper.

Konvoiar er altså kjende frå så tidleg som på 1600-talet. Dei vart der nytta i eit stort slag i den første engelsk-nederlandske krigen der handelsfartøy vart eskortert av væpna marinefartøy. Under Napoleonskrigane vart konvoiar brukt i stor grad; for å skremma kaperskip og fiendtlege marinefartøy. Konvoiane kunne vera på fleire hundre skip og vart ofte eskorterte, i tillegg hadde dei enkelte handelsfartøya gjerne mindre skyts.

Skip som segla åleine kunne bordast og vert overvunne ein for ein, men dersom ein segla mange saman, kunne skip som vart angripe få støtte frå dei andre, eventuelt frå eskorterande krigsskip. Ved utbrotet av første verdskrigen var likevel situasjonen ein annan, då slagskipa utgjorde ei ny utfordring. Eit slagskip hadde overlegen fare, kunne på ein avstand på fleire nautiske mil lett senka ei rekkje handelsskip, og det var ikkje nok slagskip til å eskortera alle konvoiane. Det var først og fremste britane og franskmennene som trong forsyningar frakta over havet, og dei første krigsåra segla handelsskipa åleine pga trusselen frå slagskip.

Konvoiar mot ubåtar[endre | endre wikiteksten]

Dei tyske slagskipa vart nøytralisert tidleg i første verdskrig, og etter det var det ubåtane som utgjorde den største trusselen mot handelsfartøyet til ententemaktene. Tyske ubåtar senka handelsskip som segla på Storbritannia og Frankrike i det som vart kjent som «det første slaget om Atlanterhavet». Motstanden mot konvoiar var likevel stor, argumenta mot var blant anna tap av produktivitet og overbelastning av hamner. Konvoiering vart difor innført så seint som i 1917, men med konvoiar gjekk skipstapa raskt ned. Analysar av skipstap etter krigen viste at sjølv konvoiar utan eskorte var sikrare enn å segla åleine. Unntaket var særs raske skip, som passasjerskip.

Konvoiar under andre verdskrig[endre | endre wikiteksten]

Flyfoto av konvoien WS-12 til Cape Town i Sør-Afrika. Biletet er teke 27. november 1941
Foto: US Navy

Med bakgrunn i røynslene frå første verdskrigen etablerte dei allierte konvoiar då krigen braut ut i 1939. Oversjøiske forsyningar var avgjerande for britane for å kunna halda fram krigen, og den viktigaste handelspartneren var USA. Det «andre slaga om Atlanterhavet» varte frå 1939 til 1945, og var ein stadig kamp mellom forbetra ubåtar og betre eskorterte konvoiar.

Sjølv om Atlanterhavet var det viktigaste området for konvoiar, var det utstrakt alliert konvoiering òg i Det indiske hav og Stillehavet. Av aksemaktene brukte tyskarane konvoiar i avgrensa grad, medan japanarane ikkje brukte konvoiar, det medførte at det meste av japanske handelsskip vart senka.

Ved utbrotet til krigen hadde dei allierte særs avgrensa ressursar for eskorte og konvoiar fekk som regel berre ein eldre jagar, hjelpekryssar eller væpna trålar som vern.[1] Fram til juli 1940 vart konvoiar frå Storbritannia berre eskortert ut til 150 nautiske mil vest for Irland, resten av seglasen til USA gjekk utan vern. Det var ikkje før på forsommaren 1941 at allierte konvoiar mellom USA og Storbritannia fekk eskorte under heile seglasen.

Ein typisk alliert konvoi gjekk frå New York i USA til Liverpool i Storbritannia, og bestod av opptil 60 handelsskip. I byrjinga av krigen var det sparsamt med eskortefartøy, medan etterkvart vart det meir eskorte, væpning av handelsfartøy og utstrakt flystøtte.

Kvar konvoi vart leidd av ein konvoisjef, frå eitt av transportskipa midt i fremste rekkje. Konvoisjefen var ein marineoffiser, ein «Commodore» som avgjorde seglingsmønster, fare osb.[2] Ved ubåt-åtak vart kommandoen av konvoien overteke av eskortesjefen som var om bord i eitt av dei framre eskorteskipa, sjølv om konvoisjefen som regel var av høgare rang. Under overfarten segla skipa i konvoien i rektangulær formasjon med opptil 12 kolonnar. Avstand til fartøyet føre var omtrent fem kabellengder (omkring 900 meter), og avstand mellom fartøya sideveges var 2 – 3 kabellengder (omkring 500 meter). Konvoien var fullt mørklagd om natta, det einaste hjelpemiddel for å sjå fartøyet føre var ein såkalla «spruthest», ein trekonstruksjon som kasta opp vatn og kunne sjåast på nokre meter – utkiken på bakken måtte halda eit skarpt auge med denne.

Farten på konvoien var tilpassa dei langsamaste skipa i konvoien, og var vanlegvis mellom 8–10 knop, det tydde at overfarten mellom Storbritannia og USA tok eit par veker. Likevel sette ein av og til saman snøggåande konvoiar, med skip som hadde høgare maksfart, typisk 12-15 knop, og dermed kunne gjera unna kryssinga raskare.

Den tyske handelsflåten vart plaga av magnetiske miner, ikkje minst i danske farvatn, britiske ubåtar og bombefly. I 1941/42 førte dette til ein strid mellom den danske regjeringa og den tyske okkupasjonsmakta, fordi dei danske skipa som henta kol i Rotterdam, fekk forbod av regjeringa mot å armerast med antiluftskyts. Den tyske flåten såg på det som ein risiko for heile konvoien at dei danske skipa låg som tause «hol» i luftforsvaret, men den danske regjeringa stod på sitt. og okkupasjonsmakta avfann seg med dette.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sjømann, lang vakt, side 130
  2. Sjømann, lang vakt, side 133
  3. Henning Poulsen: Hitlers krig (s. 232), Gyldendal, 1990, ISBN 87-00-32462-0

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]