Hopp til innhald

Kopervik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kopervik sokn)
Denne artikkelen handlar om byen i Noreg. For vika i Antarktis, sjå Koppervik.
Kopervik
stad
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Karmøy
Areal 7,73 km²
Folketal 11 860  (2024)
Folketettleik 1 534 / km²
Postnummer 4250 KOPERVIK
Ferdselsårer 47 511
Kart
Kopervik
59°17′00″N 5°18′00″E / 59.28333333°N 5.3°E / 59.28333333; 5.3
Wikimedia Commons: Kopervik, Karmøy
Karmøy rådhus i Kopervik
Strømsund bru
Kopervik kyrkje (2017)

Kopervik er ein tettstad (by) og eit sokn i Karmøy kommune i Rogaland fylke. Kopervik har òg vore ein bykommune og ein heradskommune.

Tettstaden Kopervik er kommunens administrasjonssenter og har 11 860 innbyggjarar per 1. januar 2024. Han ligg om lag midt i kommunen ved Karmsundet.

Kopervik sokn

[endre | endre wikiteksten]

Kopervik sokn har 8 555 innbyggjarar og tilhøyrer Karmøy prosti. Det blei oppretta 1855 ved frådeling av den sørvestre delen av Avaldsnes sokn.

Kopervik ladestad

[endre | endre wikiteksten]

Strandstaden Kopervik blei utskilt frå Avaldsnes kommune som ein ladestad (ein slags bykommune) i 1866. Den hadde då 737 innbyggjarar.[1] I 1965, etter nesten eit sekel, blei Kopervik ladestad oppløyst, og gjekk in i den nyoppretta Karmøy kommune. Ladestaden hadde då 1 737 innbyggjarar.

Kopervik (Stangaland) herad

[endre | endre wikiteksten]

Ladestaden Kopervik omfatta berre ein liten del av Kopervik sokn, og resten av soknet (landdistriktet) var framleis ein del av Avaldsnes kommune. Først i 1909 blei landdistriktet òg utskilt til eit eige herad (landkommune) med 1 001 innbyggjarar. Nemninga Kopervik herad blei i 1916 bytta til Stangaland herad for å unngå forveksling mellom dei to kommunane. I 1965 blei Stangaland herad oppløyst, og gjekk in i den nyoppretta Karmøy kommune. Heradet hadde då 2 678 innbyggjarar.

Folketalsutvikling

[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Kopervik ladestad frå 1866 til 1965:

16.8.1866[1] 1900[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1965[1]
737 999 1696 1681 1711 1729 1841 1737

Andre nettstader

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 3 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. "Hjemmehørende folkemengde Rogaland 1801-1960 Arkivert 2007-08-08 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 7. oktober 2010
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 1 2 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 1 2 Folkemengd i Kopervik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå