Karmøy kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Karmøy» omdirigerer hit. For øya i kommunen, sjå øya Karmøy. For øya i Antarktis, sjå Karmøy i Antarktis.
Karmøy kommune
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Adm.senter Kopervik
Areal 230 km²
 - land 219 km²
 - vatn 11 km²
Folketal 42 187 (1. januar 2016)
Folketettleik 193 / km²
Målform Nøytral
Ordførar Jarle Nilsen (Ap)
Kommunenummer 1149
NO 1149 Karmøy.svg
Wikimedia Commons: Karmøy

Karmøy kommune er ein kommune i Rogaland fylke. Kommunen grensar i nord til Haugesund. Aust for Førdesfjorden er Tysvær kommune, i sørvest er øykommunen Bokn, i sør Kvitsøy og vest til havs Utsira kommune. Karmøy kommune vart til i 1965 ved at kommunane Skudenes, Åkra, Kopervik, Stangaland, Torvastad, Skudeneshavn og delar av Avaldsnes vart slege saman.

Karmøy har tre tettstadar som vert rekna som byar (Kopervik, Skudeneshavn og Åkra).

Karmøy har ein flyplass kalla Haugesund Lufthamn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ved Avaldsnes låg Noregs første kongesete. Her hadde Harald Hårfagre sin hovedkongsgård. Avaldsnes er omtalt fleire stader i Snorres kongesagaer. Særleg kjent er historia om Asbjørn Selsbane i Olav han Heilagast saga. Det vart eit dramatisk møte mellom kongen og solahøvdingen Erling Skjalgson.

På Avaldsnes står i dag Avaldsnes kyrkje, som kong Håkon IV av Noreg lét byggje i 1250. Like inntil kyrkjeveggen mot nord og hellande inn mot veggen står Noregs høgaste bautasteinen, kjent som Jomfru Marias Synål. Segna fortel at den dagen toppen av steinen rører kyrkjeveggen, inntreffar dommedag. Kanskje er det eit snev av sanning i påstanden om at munkane i seinmiddelalderen hogg toppen av bautasteinen?

Kjende personar frå Karmøy[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]