Korinteidet

Koordinatar: 37°56′29″N 22°59′16″E / 37.94139°N 22.98778°E / 37.94139; 22.98778
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skipsfart gjennom Korinteidet via Korintkanalen.

Korinteidet er eit smalt eid mellom halvøya Peloponnes og fastlandet i Hellas, nær byen Korint. Vest for eidet ligg Korintbukta, medan Saroniabukta ligg i aust. Sidan 1893 har Korintkanalen med ei lengd på 6,3 km gått gjennom eidet og i praksis gjort Peloponnes om til ei øy.

Planar om ein vassveg gjennom eidet, så skip slapp å segle rundt heile Peloponnes, har eksistert sidan antikken. Det første forsøket på å byggje ein kanal vart utført av tyrannen Periander600-talet fvt. Dette var derimot så teknisk vanskeleg at han i staden konstruerte ein rampe av stein på land, kalla Diolkos, der båtane vart dradd over. Restane av Diolkos ligg i dag ved sida av den moderne kanalen.

Den romerske republikken, og seinare Romarriket, tok kontroll over Hellas, vart det prøvd fleire løysingar. Det vart igjen gjort forsøk på å grave seg gjennom, men òg desse gongane vart det stogga.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

37°56′29″N 22°59′16″E / 37.94139°N 22.98778°E / 37.94139; 22.98778