Korintbukta

Koordinatar: 38°12′55″N 22°32′36″E / 38.21528°N 22.54333°E / 38.21528; 22.54333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peloponnes sett frå rommet

Korintbukta (gresk Κορινθιακός κόλπος, Korinthiakós kólpos) er ei djup bukt i Det joniske havet i Hellas som skil Peloponnes frå det vestlege greske fastlandet. Ho grenser i aust til Korinteidet, der Korintkanalen går gjennom, og i vest til Ríosundet, som skil Korintbukta frå den ytre Pátrabukta ved neset Kapp Drépano, som på det smalaste vert kryssa av Río-Andírio-brua. Korintbukta er nesten heilt omgjeve av perierieiningane Etoloakarnanía og Fokída i nord, Viotía i nordaust, Attikí i aust, Korinthía i søraust og sør og Akhaía i sørvest. Bukta er eit av dei mest seismisk aktive i Europa.

I mellomalderen vart bukta kalla Lepantobukta. Her vart det tredje slaget ved Lepanto utkjempa i 1571, der den osmanske flåten vart øydelagd. I 1772 vart ein annan tyrkisk flåte øydelagd av russarane ved inngangen til bukta. Byen Lepanto heiter i dag Návpaktos.

Skipsruta mellom Aten og til hamner i resten av verda, inkludert Middelhavet, går gjennom bukta. Ferjesamband går mellom Éjo og Ájos Nikólaos i den vestlege delen av bukta.

Korintbukta

Bukta er 130 km lang og mellom 8,4 og 32 km brei.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Bukta vart danna gjennom utvidinga av ei tektonisk rift. Rifta utvidar seg framleis med 3 cm i året, og dei omliggande forkastingane er svært seismisk aktive.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Byar ved bukta er mellom anna

Elvar[endre | endre wikiteksten]

Følgjande elvar munnar ut i Korintbukta.

I nord[endre | endre wikiteksten]

I sør[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

38°12′55″N 22°32′36″E / 38.21528°N 22.54333°E / 38.21528; 22.54333