Kornati

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kornati
Kornatiøyane
Kornatiøyane
Geografi
Croatia - Kornat.PNG
Stad Adriahavet
Koordinatar 43°47′N 15°20′E

Tal på øyar 150
Store øyar Kornat

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Šibenik-Knin

Demografi
Folketal Ikkje busett

Kornati er ei øygruppe i Adriahavet ved kysten av Kroatia, utanfor Dalmatia og sør for Zadar. Med 150 øyar over eit havareal på om lag 320 km² er Kornati den tettaste øygruppa i Middelhavet (Skračiċ, 2003).

Den sørlege delen av øygruppa, kalla Donji Kurnat (Nedre Kurnat), vart erklært nasjonalpark i 1980.

Kornat, med eit areal på 32,53 km², er den største av øyane, og utgjer to tredjedelar av landarealet i parken. Sjølv om øya er 25,2 km lang, er ho ikkje meir enn om lag 2,5 km på det breiaste.

Det er ingen permanente busetnadar på Kornati. Det er likevel ført opp enkle hus i godt verna viker som Vruje, Kravjačica, Lavsa og andre, som vert brukt av landeigarane som ly. Dei fleste landeigarane kjem frå øya Murter.

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kornati

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]